Bikirar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bikirar
Nile bichir.png
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Beinfisk Osteichthyes
Klasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Underklasse: Chondrostei
Orden: Polypteriformes
Familie: Bikirar Polypteridae
Bonaparte, 1838

Bikirar (Polypteridae) er ein gamal familie beinfiskar som skil seg seg ut ved skjelettbygnaden til brystfinnane og ved at ryggfinnen eigentleg er frå 5 til 18 små flaggliknande småfinnar. Dei har ei toflika symjeblære som har reell lungefunksjon, mellom anna i turketida då bikirane ligg i dvale nedgravd i mudderet. Kroppen er dekt av tjukke og rombeforma ganoidskjel.

Bikirane femnar om minst 10 artar som alle lever i ferskvatn i Afrika, og som alle er rovfiskar. Den største arten, Polypterus bichir, vert over 1 meter og finst i Den demokratiske republikken Kongo, Senegal og i øvre nilområdet. Bikirane vart tidlegare rekna for å vera skylde kvastfinnefiskane, men dette er ikkje rett sidan bikirane har ei særs gamal og sjølvstendig utviklingsline mellom strålefinnefiskane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]