Biletleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Biletleg viser til det å uttrykka noko ved hjelp av bilete. I biletleg språk kan ein gje ord og uttrykk overførte tydingar. Desse blir kalla troper. Nokre slike biletlege uttrykksformer er metaforar og allegoriar.

Ein kan nytta biletlege uttrykk for å gjera språket meir levande og mangfaldig. Eit treffande språkleg bilete kan gjera ei meining tydelegare, og i nokre høve gå inn i språket som eit fast uttrykk. Ved andre høve kan ein misforstå biletlege uttrykk ved å ta dei bokstaveleg.

Det er særleg vanleg å bruka språklege bilete i visse sjangrar, som i lyrikk og ordspråk, og til å forklara emne som vanskeleg lèt seg forklara, til dømes i filosofiske og religiøse tekstar. Den gylne middelvegen er eit døme på eit biletleg uttrykk som gjer det lettare å forstå korleis ein skal leva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]