Bokstaveleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Bokstaveleg illustrasjon til «Det verte ljos!» frå skapingsforteljinga i Første mosebok. Bibelen kan tolkast både bokstaveleg og biletleg.

Bokstaveleg vil seia at noko blir forstått nøyaktig slik det er uttrykt, og ikkje i overført eller biletleg tyding. Når ein tolker ei utsegn bokstaveleg, bruker ein vanlege definisjonar av orda, og ser ikkje etter andre meiningar i det som blir sagt. Mykje av språkbruken vår er bokstaveleg. Om ein til dømes seier at «sola er ei stjerne», kan dette berre tolkast på ein, bokstaveleg, måte.

Folk med manglande forståing av språket vil oftare tolka uttrykk bokstaveleg. Dette kan gjelda dei som har ufullstendig språkkunnskap, som barn eller dei som lærer andrespråk, eller dei som har andre hinder for språkforståing eller abstrakt tenking, som afasi eller autisme.

Bokstaveleg tolking av faste uttrykk kan også gjerast medvite som humoristiske ordspel og liknande.

Bokstaveleg talt[endre | endre wikiteksten]

«Bokstaveleg» blir ofte brukt i uttrykket «bokstaveleg talt», som tyder at ein likevel skal tolka eit metaforisk uttrykk bokstaveleg. «Å landa midt i smørauget» har som regel den biletlege tydinga at nokon er komne i ein gunstig posisjon. Ei bokstaveleg tolking er at nokon landa i ein smørklatt i ei grautskål. Dette er som regel ei feiltolking, men kan i somme høve vera rett: I eventyret om Tommeliten enda hovudpersonen bokstaveleg talt opp slik.

I andre høve kan ein bruka «bokstaveleg talt» til å forsterka ei anna utsegn, med same tyding som «verkeleg» eller «rett og slett», og ikkje med den tydinga at ein uttrykker seg bokstaveleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]