Billy Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Billy Stewart
Fødd24. mars 1937
FødestadWashington, D.C., USA
Død17. januar 1970 (32 år)
DødsstadSmithfield i Nord-Carolina i USA
FødenamnWilliam Larry Stewart II
OpphavUSA
Aktiv1955–1970
SjangerR&B, Chicago soul, Northern soul
InstrumentSong, piano, trommer
PlateselskapChess Records, Okeh Records
Verka somSongar, musikar

William Larry Stewart II[1] (24. mars 193717. januar 1970) var ein amerikansk musikar kjend som Billy Stewart. Han hadde ein særeigen scat-syngestil som var særs populær i 1960-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bo Diddley skal ha oppdaga Stewart då han spelte piano i Washington, D.C. i 1956 og invitert han med i studio. Dette førte til at Stewart fekk platekontrakt hos Chess Records og Diddley spelte gitar på innspelinga til Stewart i 1956 av «Billy's Blues». Stewart gjekk vidare til Okeh Records og spelte inn «Billy's Heartache» i lag med The Marquees, med mellom andre Marvin Gaye.

Billy Stewart kom attende til Chess tidleg i 1960-åra og byrja å arbeide med talentspeidaren Billy Davis. Han spelte inn songen «Fat Boy» og fekk så suksess med innspelingar av «Reap What You Sow» og «Strange Feeling», som begge nådde Billboard Hot 100 og Topp 30 på R&B-lista

I 1965 spelte Stewart inn to sjølvskrivne songar, «I Do Love You» (6. plass R&B, 26. plass Pop), med broren Johnny Stewart som korvokalist, og «Sitting in the Park» (#4 R&B, #24 Pop). I 1966 spelte Stewart inn albumet Unbelievable. Den første singelen frå dette albumet var Stewart si radikale tolking av George Gershwin-songen «Summertime», ein hit på både pop- og R&B-lista. Oppfølgjaren var ein versjon av Doris Day-hitten «Secret Love», som nådde Topp 30 på poplista og nesten Topp 10 på R&B-lista. Stewart hadde problem med vekta og utvikla diabetes. Stewart fekk småskadar etter ein motorsykkelkræsj i 1969. I januar 1970 omkom Stewart i ei bilulukke då han køyrde av vegen og hamna i elva. Både han og dei tre passasjerane ombord, som spelte med Stewart, døydde.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Chess 1625: «Billy's Blues» / «Billy's Blues»
  • Okeh 4-7095: «Baby, You're My Only Love» / «Billy's Heartache» (1957 med Bo Diddley og The «Marquees»)
  • Chess 1820: «Reap What You Sow» / «Fat Boy» (1962) - #18 R&B, #79 pop
  • Chess 1835: «True Fine Lovin'» / «Wedding Bells» (1962)
  • Chess 1852: «Scramble» / «Oh My, What Can the Matter Be» (1963)
  • Chess 1868: «Strange Feeling» / «Sugar and Spice» (1963) - #25 R&B, #70 pop
  • Chess 1888: «A Fat Boy Can Cry» / «Count Me Out» (1964)
  • Chess 1905: «Tell It Like It Is» / «My Sweet Senorita» (1964)
  • Chess 1922: «I Do Love You» / «Keep Loving» (1965) - #6 R&B, #26 pop
  • Chess 1932: «Sitting in the Park» / «Once Again» (1965) - #4 R&B, #24 pop
  • Chess 1941: «How Nice It Is» / «No Girl» (1965)
  • Chess 1948: «Because I Love You» / «Mountain of Love» (1965)
  • Chess 1960: «Love Me» / «Why Am I Lonely» (1966) - #38 R&B
  • Chess 1966: «Summertime» / «To Love, to Love» (1966) - #7 R&B, #10 pop
  • Chess 1978: «Secret Love» / «Look Back and Smile» (1967) - #11 R&B, #29 pop
  • Chess 1991: «Every Day I Have the Blues» / «Ol' Man River» (1967) - #41 R&B, #79 pop
  • Chess 2002: «Cross My Heart» / «Why (Do I Love You So)?» (1968) - #34 R&B, #86 pop / #49 R&B
  • Chess 2053: «Tell Me the Truth» / «What Have I Done?» (1968) - #48 R&B
  • Chess 2063: «I'm In Love» / «Crazy 'Bout You, Baby» (1969)
  • Chess 2080: «By the Time I Get to Phoenix» / «We'll Always Be Together» (1969)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Chess 1496: I Do Love You (1965) (Billboard #97)
  • Chess 1499: Unbelievable (1966) (Billboard #138)
  • Chess 1513: Billy Stewart Teaches Old Standards New Tricks (1967)
  • Chess 1540: Cross My Heart (1969)
  • Chess 1547: Remembered (1970)
  • Sugar Hill/Chess CH-8401: The Greatest Sides (1982)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues - A Regional Experience. Santa Barbara: Praeger Publishers. s. 96. ISBN 978-0313344237. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]