George Gershwin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Gershwin

George Gershwin (26. september 189811. juli 1937) var ein amerikansk komponist og pianist.

Gershwin var fødd som Jacob Gershovitz i Brooklyn i USA som son av jødiske innvandrarar frå Russland. Frå tiårsalderen fekk han piano-opplæring hjå Charles Hambitzer på Manhattan, der familien var busett, og blei med i Tin Pan Alley-miljøet.

Han oppnådde tidleg suksess, først med «Swanee», framført av Al Jolson i 1921. Gerswhin sitt første orkestrale verk var Rhapsody in Blue, urframført med Paul Whitman sitt orkester i 1924, under tittelen Experiments in Jazz. Fleire musikal-oppsetjingar følgde (Oh Kay!, Of Thee I Sing av dei mest kjende), der ein fekk ein serie med kjende melodiar som Embracable you og I got rhythm. Eit fleirtal er omtykte som amerikanske klassikarar og med i «The Great American Songbook». Broren Ira Gershwin var tekstforfattar på dei fleste av desse. Folkeoperaen Porgy & Bess opptok han i over eitt år, frå 1934, og fekk si urframføring i New York i 1935 med den amerikansk-norske Anne Brown i ei av hovudrollene.

George Gershwin var ein klassisk komponist sterkt påverka av Maurice Ravel og Igor Stravinskij, som avslo bøna hans om å gje leksjonar; dei meinte læringspotensialet var høgare andre vegen. Han døydde i Hollywood av hjernesvulst.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: George Gershwin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]