Biokovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biokovo
fjell
Bikovo, sett frå Tučepi
Land  Kroatia
Område Dalmatia
Fjelltype Kalkstein
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 762 moh.
Lettast tilkomst Veg
Koordinatar 43°20′N 17°03′E
Kart
Biokovo
43°20′43″ N 17°0′17″ E
Wikimedia Commons: Biokovo

Biokovo er det nest høgaste fjellet i Kroatia, og ligg ved kysten av Adriahavet i Dalmatia mellom elvane Cetina og Neretva. Den høgaste toppen er Sveti Jure (St. Georg) på 1 762 meter. 196 kvadratkilometer av fjellet er ein verna naturpark. Fjellet vert stundom kalla Bijakova, særleg mellom innbyggjarane på austsida av fjellet. Når det er klårvêr kan ein frå toppen av Biokovo sjå heilt til fjellet Monte Gargano i Italia, som er 252 km unna.