Dalmatia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Dalmatia i dagens Kroatia

Dalmatia (kroatisk Dalmacija, italiensk Dalmazia) er eit område på austkysten av Adriahavet i dagens Kroatia. Området strekkjer seg mellom øya Rab i nordvest og Kotorbukta i søraust. Det indre Dalmatia (Dalmatinska Zagora), er om lag 50 km breitt i nord, men berre eit par kilometer breitt i sør.

Det kroatiske Dalmatia består i dag av fire fylke og dei store byane Zadar, Šibenik, Split og Dubrovnik. Av andre byar finn ein Biograd, Kaštela, Sinj, Solin, Omiš, Knin, Metković, Makarska, Trogir, Ploče, Trilj og Imotski.

Dei største dalmatiske øyane er Dugi Otok, Ugljan, Pašman, Brač, Hvar, Korčula, Vis, Lastovo og Mljet. Dei største dalmatiske fjella er Dinara, Mosor, Svilaja, Biokovo, Moseć og Kozjak. Av elvar i området finn ein Zrmanja, Krka, Cetina og Neretva.

På grunn av havstraumar og vindregime er sjøvatnet i Adriahavet, i følgje kroatiske turiststyresmakter, reinare og varmare på den kroatiske sida enn på den italienske. Den konkordante kysten består òg av mange viker, øyar og sund.

Dalmatia inneheld mange nasjonalparkar som er turistattraksjonar: Karstelva Paklenica, Kornatihalvøya, Krka nasjonalpark og øya Mljet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Dalmatia i Romarriket

Dalmatia er eit område med lang historie. Namnet kjem sannsynlegvis av den illyriske stamma kalla Dalmatae, som budde på austkysten av Adriahavet det første tusenåret fvt.. Det var ein del av Illyria frå 300-talet fvt. til dei illyriske krigane220-talet fvt. og 168 fvt. då Romarriket etablerte protektorat sør for elva Neretva. Området nord for Neretva vart sakte innlemma før provinsen Illyricum formelt vart oppretta rundt 32-27 fvt.

Dalmatia vart då ein del av den romerske provinsen Illyricum. I år 9 evt. førte dalmatarane ei rekkje kampar mot pannonarane, men vart til slutt slått tilbake i år 10 evt. og Illyricum vart delt i to provinsar, Pannonia og Dalmatia. Provinsen Dalmatia strekte seg inn over og dekkja heile Dei dinariske Alpane og det meste av austkysten av Adriahavet. Dalmatia var seinare fødestad til den romerske keisaren Diocletian.

Etter at Romarriket kollapsa i 476, i byrjinga av folkevandringstida, tok gotarane over området fram til 535, då Justinian I innelemma det i Austromarriket.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Slavarane[endre | endre wikiteksten]

Slavarane byrja å organisere områda deira i mektige statar. Kroatane kontrollerte nordlege og sentrale delar av Dalmatia på tida, og på 900-talet vart det ein del av kongedømet Kroatia, som varte fram til byrjinga av 1100-talet. Den sørlege delen av Dalmatia var meir oppdelt mellom fyrste- og hertugdøma Pagania, Zahumlje (Hum), Travunia og Duklja/Zeta. Den serbiske staten Raška utvida seg òg, medan Travunia og Pagania vart svakare på 900-talet. Zahumlje vart ein vasall under Kroatia tidleg på 900-talet, medan Pagania vart ein del av staten i 1050. Etter at Serbia fall på andre halvdel av 900-talet tok Duklja over styringa i området. Det kroatiske kongedømet hadde i Dalmatia dei store byane Biaći, Nin, Biograd, Šibenik (grunnlagd som ei hamn av det kroatiske kongedømet då Austromarriket kontrollerte Trogir og Split) Knin, Split, Omiš, Klis, Solin. I 1166-1168 tok den serbiske storprinsen Stefan Nemanja over styringa av dei sørlege fyrstedøma i Dalmatia.

Rivalisering mellom Venezia, Austromarriket, Kroatia og Ungarn[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet Kroatia styrte mykje av Dalmatia frå 900-talet til 1100-talet. Republikken Venezia gjorde fleire forsøk på å ta kontroll over dei dalmatiske øyane og bystatane, medan Austromarriket òg prøvde å påverke dei. På slutten av 1000-talet byrja Kongedømet Ungarn å få større makt sørover då Kroatia overgav seg til ungarsk styre, noko som resulterte i Pacta conventa-avtalen.

På 1200- til 1400-talet var det mykje rivalisering mellom Venezia og det ungarske kongedømet, medan Austromarriket byrja å forsvinne.

I 1346 vart Dalmatia ramma av Svartedauden. Den økonomiske situasjonen var dåleg, og innbyggjarane vart meir og meir avhengige av Venezia, som tok kontroll over det meste av Dalmatia i 1420.

Republikken Dubrovnik og dei osmanske erobringane[endre | endre wikiteksten]

Republikken Ragusa (Dubrovnik) før 1808

Den sørlege byen Dubrovnik klarte gjere seg sjølvstende som Republikken Dubrovnik, og klarte å halde på sjølvstende trass i mange invasjonar. Dei osmanske krigane i Europa byrja å påverke område på midten av 1400-talet, og då dei venetianske og osmanske grensene møttest, var det uavbrotne grensekrigar. Tyrkarane tok kontroll over dei indre områda, og hjelpte Republikken Dubrovnik med å halde på sitt sjølvstende, men under deira suzerenitet. Den osmanske invasjonen førte vidare til at kroatar kom til byane.

Etter at Det osmanske riket vart utvida etter Den store tyrkiske krigen på slutten av 1700-talet, opplevde Dalmatia ein periode med trygg økonomi og kulturell vekst, då handelsruter med dei indre områda vart oppretta. Kristne migrerte frå dei osmanske områda til det kristne Venezia.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Napoleon og Austerrike-Ungarn[endre | endre wikiteksten]

Denne perioden vart brått avbroten då med Republikken Venezias fall i 1797. Napoleon sine troppar storma området og enda sjølvstende til Republikken Ragusa i tillegg, men redda det frå okkupasjon av Det russiske riket og Montenegro. Napoleon sitt styre i Dalmatia var dominert av mange krigar, som skapte mange opprørarar. På den andre sida medverka det franske styret mykje til vekkinga av den kroatiske nasjonalkjensla, og dei første kroatisk språklege avisene vart gjeve ut på denne tida. Det franske styret betra infrastrukturen i området, og mange vegar vart bygd eller gjenreist. Napoleon sjølv klandra marskalk Marmont, guvernøren i Dalmatia, for å bruke for mykje pengar på Dalmatia.

I 1848 gav Den kroatiske samlinga (Sabor) ut Folkets Krav, der dei mellom anna kravde avskaffinga av liveigenskap og ei samanslåing av Dalmatia og Kroatia. Dubrovnik kommune var det meste av frimodige av alle del dalmatiske kommunane når det kom til samanslåinga med Kroatia. Eit brev vart sendt frå Dubrovnik til Zagreb med bøn om å arbeide med dette forslaget. I 1849 leia Dubrovnik dei dalmatiske byane i kampen for ei samanslåing. Det vart starte ein storstilt kampanje i avisa L'Avvenire (Framtida) i Durbovnik basert på eit klart formulert program: Det føderale systemet for Habsburgområda, samanslåinga av Dalmatia og Kroatia og den slaviske brorskapen.

Same året vart den første almanakken i Dubrovnik gjeve ut, Blomen i nasjonal litteratur (Dubrovnik, cvijet narodnog knjizevstva), der Petar Preradovic gav ut diktet sitt «Til Dubrovnik». Dette og andre litterære og journalistiske tekstar medverka til å vekke nasjonalkjensla med forsøk på å innføre det kroatiske språket i skolar og på offentlege kontor, og ved å promotere for kroatiske bøker. Keisar Franz Joseph kom med den såkalla Pålagde Grunnlova, som hindra ei samling av Dalmatia og Kroatia, og enda med det den politiske aktiviteten rundt dette. Den politiske kampen i Dubrovnik for å slå seg saman med Kroatia lykkast ikkje på denne tida.

I 1861 hadde Den dalmatiske samlinga det første møtet sitt, med representantar frå Ragusa. Representantar frå Kotor kom til Dubrovnik for å delta i kampen om ei samanslåing med Kroatia. Ragusa tok varmt imot dei og heiste det kroatiske flagget ved festningane. Kotorarane valde ut ein delegasjon som reiste til Wien for å krevje at både Dalmatia og alle dei kroatiske områda skulle samlast i saman.

I 1883 døydde politikaren Niko Pucic (fødd 1820). Han var eit medlem av Den kroatiske samlinga, og kjempa for samanslåinga av Dalmatia med Kroatia. Han var redaktør i magasinet Ragusa, og grunnla òg magasinet Slovinac.

På 1890-talet byrja ein del av innbyggjarane i kystbyane å identifisere seg sjølv med italienarane, og skapte irredentistiske rørsler, særleg rundt Zadar. Sjølv om innbyggjarane kalla byen Dubrovnik i fleire hundreår, var det offisielle namnet på byen Ragusa, og det vart ikkje endra til Dubrovnik før i 1918, då Austerrike-Ungarn fall saman, og området var ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar, som seinare vart Kongedømet Jugoslavia.

Etter 1918[endre | endre wikiteksten]

I den første verdskrigen vart Austerrike-Ungarn oppløyst, og Dalmatia vart igjen delt mellom Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Kongedømet Jugoslavia), som kontrollerte mesteparten, og Italia, som hadde små område i nord, rundt Zadar.

I 1922 vart Dalmatia delt i to provinsar, Distriktet Split (Splitska oblast), med hovudstaden Split, og Distriktet Dubrovnik (Dubrovačka oblast).

I 1929 vart Det maritime Banovina («Primorska Banovina»), ein provins i Kongedømet Jugoslavia, danna. Hovudstaden vart Split, og inkluderte det meste av Dalmatia og delar av det som i dag er Bosnia-Hercegovina. Sørlege delar av Dalmatia var ein del av Zeta Banovina, frå Kotorbukta til halvøya Pelješac, inkludert Dubrovnik.

I 1939 vart Det maritime Banovina slått saman med Sava Banovina for å danne den nye provinsen Kroatisk Banovina.

Under den andre verdskrigen okkuperte Italia heile området saman med Nazi-Tyskland, og enkelte område vart annektert av Italia. Forfølging av kroatar, kroatiske leiarar og forskjellige politikarar, i tillegg til at italiensk vart innført som offentleg språk og plyndring av kulturarv, førte til ei auka kroatisk motstandsrørsle, leia av Josip Broz Tito.

Etter krigen var over vart Dalmatia igjen ein del av Kroatia, og Jugoslavia. Dalmatia vart delt mellom tre føderale republikkar i Jugoslavia. Nesten heile området låg i Kroatia, medan området rundt Kotorbukta vart ein del av Montenegro, og ei smal stripe av kysten nær Neum gjekk til Bosnia-Hercegovina. Då Jugoslavia vart oppløyst i 1991, vart desse grensene landegrense ein har i dag.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]