Birger jarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Birger Magnusson)
Birger jarl

Statsborgarskap Sverige
Fødd ca. 1210
Bjälbo
Død

21. oktober 1266 (56 år)
Jälbolung

Yrke politikar, militær
Språk svensk
Far Magnus Minnisköld
Mor Ingrid Ylva
Ektefelle Ingeborg Eriksdotter, Mechtild av Holstein
Partnar NN
Birger jarl på Commons
Birger jarl.

Birger jarl (ca. 121021. oktober 1266) var ein svensk statsmann som spelte ei viktig rolle i danninga av Sverige som riksjarl (1248-1266) og formyndar for sonen sin, kong Valdemar (1250-1266). Han skal òg ha grunnlagt Stockholm.

Oppvekst og familie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjetårnet i Bjälbo, Birger jarls foreldreheim.

Birger jarl vart fødd som Birger Magnusson og er nemnd fyrste gong i 1237, men var truleg fødd kring 1210. Han var son til Magnus Minnisköld og Ingrid Ylva.

Sidan faren Magnus Minnisköld skal ha vorte drepen anten i 1208 eller i1210, må Birger Magnusson ha vorte fødd seinast i 1211. Undersøkingar i byrjinga av 2000-talet, av det som truleg er Birger Magnussons leivningar i Varnhems kyrkja, fastslo at han var kring 50-55 år gamal då han døydde i 1266, altså at han tidlegast var fødd kring 1210. Om ein kombinerer desse opplysningane, vert konklusjonen at han må ha vorte fødd ein gong kring 1210.

Birger Magnusson vart gift kring 1235/1237, i alle høve før 1241, med prinsessa Ingeborg, syster til kong Erik Eriksson den lespe og halte. Dei fekk fleire born og to av sønene vart kongar. Sonen Valdemar vart konge i 1250, med faren som formyndar, medan Magnus Ladulås vart konge då han avsette broren Valdemar i 1275.

Birger Magnusson vert Birger jarl[endre | endre wikiteksten]

Birger jarls våpen

Birger Magnussons forgjengar i jarlsembetet var fetteren Ulf Fase. Han hadde vorte jarl allereie i 1220, då Johan Sverkersson var konge. Johan Sverkersson døydde allereie i 1222 på Visingsö og med han forsvann også Sverkerätten. Den berre seks år gamle Erik Eriksson den lespe og halte frå Erikætten var den einaste moglege kandidaten til å ta over som konge. Medan han var barn, vart riket styrt av eit riksråd samansett av stormenn og biskopar. Ein av medlemmane i rådet var Knut Holmgersson Lange, som i slaget ved Olustra i 1229 avsette den berre 13-årige kongen og sjølv tok kongsmakta.[1] Knut Holmgersson høyrde til dei såkalla folkungane (ikkje det same som folkungeætten), ei konservativ gruppering av stormenn som motsette seg sentralisering av riket.

Etter at Knut Holmgersson døydde i 1234 kom Erik attende som konge, men den verkelege makta låg hos jarlen og folkungen Ulf Fase, som skal ha vore ein tilhengjar av Knut Holmgersson og altså i opposisjon mot kong Erik. Kring 1247/1248 tok Birger Magnusson over som jarl etter at Ulf Fase stilte seg på tronpretendenten Holmger Knutssons og folkungane si side i slaget ved Sparrsätra 1247 og tapte mot kong Eriks og Birger Magnussons troppar. Truleg har Ulf Fase anten døydd under sjølve slaget eller vorte avretta etter ordre frå kongen og Birger Magnusson, som deretter overtok jarlsembetet og vart Birger jarl. Fram til sin død 1266 var no Birger Sveriges eigentlege leiar.

Tida som jarl[endre | endre wikiteksten]

Vadstena kongsgard, opphavleg kongeleg lystslott oppført på midten av 1200-talet. Det vart ein del av Vadstena kloster
Varnhems klosterkyrkja, der Birger jarl er gravlagd.

I februar 1248 fann det såkalla Skänningemötet stad. Her vart retningslinjene for rikets samkvem med den katolske kyrkja trekte opp. Med på møtet med den utsende kardinalbiskopen Vilhelm av Sabina var forutan Birger jarl: Erkebiskop Jarler, rikets fem øvrige biskopar, klosterleiarar, prestar, samt lagmannen i Östergötland og ei mengd stormenn.[2]

I 1250, medan Birger jarl var på krosstog i det indre av Finland og mellom anna grunnla Tavastehus slott, døydde kong Erik Eriksson den lespe og halte og med han forsvann også Erikætta. Birger jarls son Valdemar vart då, berre kring ti år gamal, vald til konge. På morssida stamma Valdemar frå Erikætta. Kongevalet skjedde før Birger jarl kom heim frå Finland.

I slaget ved Herrevadsbro i 1251 sigra Birger jarl over ei gruppe opprørske stormenn (folkungar), mellom anna Knut Magnusson, Filip Knutsson og Filip Larsson. Etter Ingeborgs død i 1254 gifta Birger 1261 seg på nytt med enkedronninga etter den danske kongen Abels, Mechtild av Holstein.

Etter at han sommaren 1266 møtte ein paveleg delegat i Kalmar saman med sønene sine, døydde Birger jarl den 21. oktober 1266 på Jälbolung, ein gard som kanskje låg i Västergötland. Han vart gravlagd i Varnhems klosterkyrka.[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Birger jarls statue på Riddarholmen.
Foto: Tage Olsin
Birger jarls kenotaf ved Stockholms stadshus

I Varnhem er gravsteinen hans med bilete av jarlen sjølv, andre kona hans, Mechtild, og sonen Erik. Kunstvitskapsprofessoren Jan Svanberg har fastslege at ein konsollstein i Varnhem, i form av eit hovud, skal førestella Birger jarl. Gravene til Birger jarl og Mechtilds vart opna i mai 2002.

I følgje Erikskrønika grunnla Birger byen Stockholm (kring 1252). Byen har minna han med ein statue, Birger Jarls Torn og Birger Jarls Torg på Riddarholmen og ei gate, Birger Jarlsgatan, i Norrmalm.

Birger jarl vert rekna som stamfar til folkungeætta si kongelege grein. Han var den siste i Sverige som brukte tittelen jarl, men han hadde ikkje noko kjent tilnamn. Jarl var ikkje noko tilnamn eller etternamn, men ein tittel.

Born utanom ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

  1. Gregers, Birgers eldste og illegitime son med ei ukjend kvinne.

Born med Ingeborg Eriksdotter[endre | endre wikiteksten]

  1. Rikissa (kring 1238-1288).
  2. Valdemar (kring 1239-1302), svensk konge 1250-1275.
  3. Magnus (kring 1240-1290), svensk konge 1275-1290.
  4. Kristina, dotter hennar Elena var gift med Ulf Holmgersson (Ama).
  5. Katarina (kring 1245-1289).
  6. Erik (kring 1250-1275).
  7. Ingeborg (kring 1253-1302).
  8. Bengt (1254-1291), biskop av Linköping og hertug av Finland.

Born med Mechtild av Holstein?[endre | endre wikiteksten]

  • Christine Birgersdotter (omdiskutert)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars O. Lagerqvist (1976). Sverige och dess regenter under 1000 år, s. 55. Albert Bonniers Förlag AB, Stockholm
  2. Svenska kyrkan - utdrag ur boken Fri att vara kyrka av Ingmar Brohed, professor i kyrkohistoria, hämtad 2007-08-30, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 18. april 2009 
  3. Lars O. Lagerqvist (1976). Sverige och dess regenter under 1000 år, s. 71. Albert Bonniers Förlag AB, Stockholm