Birøkt
Birøkt eller bihald er det å halda honningbier som husdyr for å laga honning og bivoks, og til å pollinera avlingar. Biene blir haldne i bikubar som kan vera flyttbare eller stå fast på bigardar. Røktinga går ut på å vedlikehalda kubane, henta ut voks og honning og ofte å hindra sverming der bidronninga og mange arbeidarar forlèt kuben.[1] Birøktarar kan bruka verneutstyr som bihanskar og bieslør for å verna seg mot stikk frå biene.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein har drive med bihald sidan minst Det gamle Egypt, der det er funne ein referanse til ein «forseglar av honningen» frå Det første dynastiet. Ein papyrus frå 300-talet f.Kr. skildrar bikubar og korleis ein bør byggja dei - 'ikkje som eit kongeplass av stein, men som ei dynge.'[2]
Ein større bigard frå rundt 900 f.Kr. er funnen i Rehov i dagens Israel. Tretti intakte kubar av strå og leire blei funne i ordna rekkjer på denne bronse- og jernalderstaden.[3]
Aristoteles skildra detaljert bier og bihald i Det gamle Hellas. Birøkt er også nemnd av dei romerske forfattarane Vergil, Gaius Julius Hyginus, Varro og Columella.
Også i Kina har ein lenge drive med birøkt, og Fan Li frå Vår- og haustannaltida skreiv mellom anna om korleis ein kunne oppnå suksess i birøkt ved å ha trebikubar av god kvalitet.
I Mayariket i Amerika blei broddlause bier domestiserte og brukte til honningproduksjon i heimar. Biene blei kalla xunan kab (kongelege eller adelege kvinner), og ein dyrka ulike bigudar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Vangen, Odd. «Birøkt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon.
- ↑ «Beekeeping», reshafim.org.il
- ↑ Oldest known archaeological example of beekeeping discovered in Israel Arkivert 2015-11-17 ved Wayback Machine. (September 1st, 2008)
- Denne artikkelen bygger på «Beekeeping» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2015.