Bikube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hengjande bikube i Zürich.

Bikube eller biekube er eit lite byggverk som blir brukt til å husa honningbier ein bruker i bihald. Bikubar kan likna dei naturlege stadene bier byggjer samfunn i, som hole trestammar, vara laga av halm eller leire med form som avrunda kjeglar, eller likna meir på kassar og vera laga av tre, isopor eller andre materiale. Nokre bikubar kan flyttast slik at biene får tilgang til og pollinerer blomar på ulike stader.[1] Inni bikubane sit vokstavler av bivoks der biene byggjer celler til ynglande bier og lagring av nektar og honning.[1]

Bikubebrett.

Bikubar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Bikuba er eit symbol for heilage Ambrosius. Ei soge om han seier at ein bisverm slo seg ned på han då han var unge.

Bikuba kan brukast som eit symbol på arbeid og verksemd. Delstaten Utah i USA har ei bikube som symbol,[2] og det uformelle kallenamnet Beehive State eller 'bikube-delstaten'.[3] Bikuben er eit symbol på verksemda til mormonarane som skipa delstaten, men viser også til «Deseret» som i Mormons bok er ei honningbie.[4]

Bikubesong er ein kollektivroman eller novellesamling av Frode Grytten som tek for seg ulike liv til folk som bur i bygarden Murboligen i Odda.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vangen, Odd. «Birøkt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon.
  2. «Utah State Motto and Emblem», pioneer.utah.gov
  3. Knowles, Elizabeth (red.), «beehive». The Oxford Dictionary of Phrase and Fable. Oxford University Press, 2005.
  4. «The State of Utah», netstate.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]