Bivoks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit stykke bivoks.

Bivoks er ein middels hard, gulfarga voks som blir laga av honningbier. Biene lager voksen ved å silja han ut frå kjertlar, og bruker han til å byggja opp cellene i bikuba, men han har også lenge vore i bruk av menneske. Voksen har eit smeltepunkt i området 62–65 °C.

Ein vinn ut bivoks gjennom å smelta cellene etter at honninga er blitt slynga ut av dei. Voksen har ei honningliknande lukt og ein svak, karakteristisk smak. Voksen består hovudsakleg av myricylpalmitat, cerotinsyre og esterane til denne, i tillegg til nokre høgtsmeltande alkanar.

Bruksområde for bivoks er mellom amma i bonemasse, lêrbehandling, framstilling av vokspapir, litografi og til fleire andre tekniske føremål. Voksen blir ofte bleika, til dømes ved innvieknad av sollys eller av kjemiske oksidasjonsmiddel. Den bleika voksen likner den ubleika i dei fleste eigenskapane, men har mindre utpreg lukt og smak. Han blir noko brukt i salver og kosmetikk og i spesielle lys, særleg kyrkjelys. Bivoks er tradisjonelt kjend som cera flava og den bleika er kjend som cera alba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]