Bithynia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Bursa, som tidlegare heitte Prusa og var hovudstad i Bithynia

Bithynia var i antikken namnet på eit landskap nordvest i Anatolia ved Marmarahavet (Propontis) og Svartehavet (Pontos euxeinos). Landet var fruktbart og skogrikt; det utførte skipstømmer, vin og fiken, samt marmor. Innbyggjarane var frygarar, men seinare vandra thrakiske stammer, thynar og bithynar inn. Dei viktigaste byane i området var Nikomedeia, grunnlagd av kong Nikomedes I, Nikaia og Kalkhedon, som var ein gresk koloni. Ei tid stod Bithynia under Lydia, så la Kyros det under Persia. seinare gjorde innfødde herskarar seg sjølvstendige og heldt seg òg mot Aleksander den store og tok kongenamn i 297 fvt. Den mest kjende av dei i fyrstehuset var Nikomedes I, som døydde kring 255 fvt. Riket bestod under etterfølgjarane hans til 74 fvt. Nikomedes IV testamenterte riket sitt til romarane, som under Pompeius organiserte provinsen Pontus og Bithynia.

Området er i dag ein del av Tyrkia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]