Oldtidsriket Lydia
- For namnet, sjå Lydia.
Lydia var eit oldtidsrike som låg nær byen Izmir i det som no er Tyrkia. Landet var også kjend som Mæonia, truleg eit eldre namn som mellom anna er brukt av Homer.[1]
Lydia blei grunnlagd som rike om lag 700 f.Kr. av Gyges og hadde stordomstida si på 600-talet f.Kr. under han og sonen Alyattes.[1] På denne tida hadde Lydia ein blomstrande økonomi på grunn av ein godt utvikla administrasjon. Riket var blant dei første til å prega myntar i metall, og handelen med Hellas var livleg. Alyattes tok kontroll over naboregionen Frygia, og sonen hans Kroisos (Krøsus) utvida riket til Halys.[1]
Lydia blei okkupert av Persia under Kyros den store i 546 f.Kr. Det blei den viktigaste persiske satrapien i Vesleasia, med hovudstad i Sardes/Sardis.[1] Området blei erobra av Aleksander den store og kom etter at han døydde inn under selevkidane.[1] Det låg under Pergamon frå 189 f.Kr.. I 133 f.Kr. blei det ein del av Romarriket som provinsen Asia, og frå slutten av 200-talet blei det eigen provins.[1]
Lydiarane var i slekt med hetittane. Det lydiske språket høyrde til den anatoliske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Etter kvart gjekk lydiarane opp i dei greske innvandrarane til landet.
Hovudstaden i Lydia, Sardis, blei rekna som ein av dei vakraste byane i antikken. Mange bygningar frå det gamle Lydia finst endå, og er velkjende tyrkiske turistmål.
Landet har gjeve opphav til namnet Lydia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Andersen, Øivind. «Lydia» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. juli 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Oldtidsriket Lydia» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2008.