Bizarre Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bizarre Records var eit plateslekap danna for artistar oppdaga av rockemusikaren Frank Zappa og kompanjongen og manageren hans Herb Cohen.

Bizarre vart opphavleg skipa som eit produksjonsselskap. I 1967 missa selskapet til Zappa, Verve Records, høve til å fornye avtalen sin med Zappa. Dette gav Zappa og Cohen ein fordel då dei skulle forhandle sin eigen produksjonsavtale med Verve. Føremålet med å opprette sitt eige produksjonsselskap var å gje Zappa fullstendig kunstnarisk kontroll over musikken sin og verka han planla å produsere for andre.

Dei første albuma tilknytte Bizarre kom ut tidleg i 1968. Desse var mellom anna We're Only in It for the Money av the Mothers of Invention og Lumpy Gravy, det første soloalbumet til Zappa. Andre Zappa-relaterte utgjevingar var Cruising with Ruben & the Jets (1968) og samlealbumet Mothermania (1969). Selskapet produserte òg Sandy's Album Is Here At Last av songar-låtskrivaren Sandra Hurvitz, i dag betre kjend som Essra Mohawk. Desse albuma vart alle gjeve ut på Verve Records med etiketten «Bizarre Productions».

Tidleg i 1969 vart Bizarre Records oppretta som eit selskap distribuert av Warner Bros. Records, som òg omfatta Reprise Records. Bizarre-etiketten vart forma samstundes med eit anna selskap, Straight Records, som òg vart distribuert av Warner Bros. Då Bizarre og Straight vart skapt, var planen til Zappa å gje ut album med avantgarde-artistar på Bizarre, og plater med meir ordinær musikk på Straight. Den første utgjevinga i denne serien var dobbeltalbumet The Berkeley Concert av Lenny Bruce. Bizarre gav ut den doble debutplata til Wild Man Fischer, kalla An Evening with Wild Man Fischer, tidleg i 1969.

Det opphavlege konseptet for Bizarre Records mislukkast på grunn av problem med distribusjonen og styret av selskapet. Dette førte til at nokre særs uvanlege album vart gjeven ut på Straight-etiketten, særleg dei av Captain Beefheart, Alice Cooper og The GTOs. Zappa and the Mothers of Invention var den einaste artisten som vart verande på Bizarre Records. Zappa gav ut åtte av sine eigne album med og utan Mothers of Invention på Bizarre frå 1969 til 1972. Det einaste Zappa-prosjektet som ikkje var på Bizarre i denne perioden var filmmusikken til 200 Motels, som kom ut på United Artists Records i 1971.

I 1973 enda distribusjonskontraktane til Bizarre og Straight med Warner. Mange Bizarre og Straight-innspelingar vart gjevne ut på ny av Warner og/eller Reprise. Same året starta Zappa og Cohen eit nytt selskap, DiscReet Records, nok ein gong distribuert av Warner Bros.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]