Straight Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Straight Records var eit plateselskap skipa i 1969 for å distribuere artistar produserte og oppdaga av Frank Zappa og kompanjongen og manageren hans Herb Cohen. Straight vart skipa samstundes med eit anna selskap, Bizarre Records. Straight og Bizarre vart begge laga og distrubert i USA av Warner Bros. Records, som òg omfatta Reprise Records. Straight Records-innspelingane vart i Storbritannia distribuerte av CBS Records.

Frank Zappa sjølv valte ut dei fleste artistane for Straight. Opphavleg hadde han tenkt å gje ut album med avantgarde-artistar på Bizarre, og meir ordinære innspelingar på Straight. Dette konseptet mislukkast på grunn av problem med platedistribusjonen og styringa av selskapa. Frank Zappa, the Mothers of Invention, Wild Man Fischer og Lenny Bruce passa alle inn på Bizarre, men enda popp på Straight. Dette førte til at det vart gjeve ut nokre uvanlege album på Straight, som platene til Captain Beefheart, Alice Cooper og the GTOs.

Zappa var ansvarleg for den første plata til the Persuasions, Acappella. Over telefon høyrte han the Persuasions synge live i ein platebutikk i Jersey City. På grunn av lidenskapen hans for doo-wop fekk Zappa vokalgruppa over til Los Angeles for å lage ei plate. Andre artistar på Straight var Tim Buckley, og duoen Judy Henske & Jerry Yester. Desse musikarane kom til selskapet via manageren Herb Cohen.

Den første utgåva av Love It to Death av Alice Cooper vart gjeven ut på Straight. Då albumet byrja å selje, hadde det derimot alt blitt gjeve ut på ny av Warner Bros. Frå 1972 vart denne og andre innspelingar på Straight gjeve ut på ny av anten Reprise eller Warner Bros. I 1973 enda distribusjonsavtalen mellom Bizarre, Straight og Warner. Zappa og Cohen starta då eit nytt selskap for Warner kalla DiscReet Records. Zappa/Cohen-samarbeidet enda i fiendskap og søksmål i 1976. I oppgjeret som følgde nokre år seinare, fekk Zappa eigarskapen over det han sjølv hadde laga, medan Herb Cohen fekk det meste av det Zappa ikkje hadde laga for Bizarre, Straight og DiscReet.

Artistar på Straight Records[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]