We're Only in It for the Money

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
We're Only in It for the Money
Studioalbum av The Mothers of Invention
Språk engelsk
Utgjeve 4. mars 1968
Innspelt 14–16. mars; 2–9. august; oktober 1967 ved Capitol Studios, LA; Mayfair og Apostolic Studios, NYC
Sjanger eksperimentell rock
Lengd 39:15
Selskap Verve
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Lumpy Gravy
(1967)
We're Only in It for the Money Cruising with Ruben & the Jets
(1968)
The Mothers of Invention-kronologi
Absolutely Free
(1967)
We're Only in It for the Money Cruising with Ruben & the Jets
(1968)
Singlar frå We're Only in It for the Money
  1. «Lonely Little Girl»
    Utgjeve: 1967 (non-LP version)

We're Only in It for the Money er det tredje studioalbumet til The Mothers of Invention. Det kom ut 4. mars 1968 på Verve Records, og vart sidan miksa på ny og spelt inn på ny av Frank Zappa og gjeve ut sjølvstendig på Rykodisc Records i 1986.

Som med dei to førre albuma til bandet, er We're Only in It for the Money eit konseptalbum, og driv satire over politikk på både venstre- og høgresida, særleg hippiekulturen og The Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Det vart til som ein del av eit prosjekt kalla No Commercial Potential, som òg resulterte i tre andre album: Lumpy Gravy, Cruising with Ruben & the Jets og Uncle Meat.

We're Only in It for the Money består av rock, orkestermusikk og eksperimentell musikk, der orkesterdelane vart spelte inn for Lumpy Gravy, som tidlegare vart gjeve ut som eit instrumentalt soloalbum av Capitol Records og sidan gjeve ut på ny i ei redigert utgåve av Zappa for Verve. Den redigerte utgåva av Lumpy Gravy vart produsert samstundes med We're Only in It for the Money og er den første delen av ein konseptuell kontinuitet, som held fram med den redigerte Lumpy Gravy og avslutta med det siste albumet til Zappa, Civilization Phaze III (1994).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan han filma Uncle Meat, spelte Frank Zappa inn musikk i New York City for eit prosjekt kalla No Commercial Potential, som enda opp med at det vart produsert fire album: We're Only in It for the Money, ei revidert utgåve av soloalbumet Lumpy Gravy, Cruising with Ruben & the Jets og Uncle Meat, som bestod av filmmusikken til filmen med same namn, og som ikkje var heilt ferdig før 1987.[1]

Zappa sa: «Det er alt eitt album. All musikken på albuma er organisk knytte til kvarandre og om eg hadde hatt alle masterlydbanda kunne eg tatt eit barberblad, kutta dei opp og sett dei saman i ei anna rekkefølgje, og det ville framleis vore eit musikkstykke ein kunne lytte til. Så kunne eg tatt barberbladet igjen, kutta det opp og sett det saman på ein annan måte igjen, og det ville framleis ha gjeve meining. Eg kunne gjort dette på tjue måtar. Materialet er definitivt knytt til kvarandre».[1]

Etter kvart som innspelinga heldt fram, gav The Beatles ut det kritikarroste albumet Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band. Zappa valde då å endre konseptet på albumet sitt til å bli ein parodi av Beatles-albumet, fordi han følte the Beatles var falske og «only in it for the money» (berre med for pengane si skuld).[2] The Beatles vart eit symbol for det Zappa meinte var ei privatisering av ungdomskulturen, og albumet tente som kritikk mot dei og psykedelisk rock som ein heilskap.[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlem Ray Collins hadde slutta i the Mothers før innspelingane i New York fann stad, men kom seinare inn i bandet att då dei spelte inn doo-wop-songane som danna albumet Cruisin' with Ruben & the Jets.[2] Gary Kellgren vart hyrt inn som lydteknikar for prosjektet og enda opp med å spele inn den kviskra dialogen ein kan høyre mellom songane på We're Only in It for the Money.[3] Under innspelingane, kravde Verve at Zappa skulle fjerne eit vers frå songen «Mother People». Zappa føydde seg, men reverserte innspelinga og tok med verset spelt av baklengs som ein del av dialogsporet «Hot Poop», som avsluttar den første sida,[4] men dette vart fjerna av Verve sjølv på seinare trykkingar av plata.

Medan han spelte inn We're Only in It for the Money, oppdaga Zappa at strengane på flygelet i Apostolic Studios resonnerte når nokon snakka nær dei. «Piano people»-eksperimentet gjekk ut på at Zappa fekk forskjellige folk til å improvisere ein dialog til tema som Zappa gav dei. Av dei som snakka i prosjektet finn ein mellom anna Eric Clapton, Rod Stewart og Tim Buckley.[5] «Piano people»-stemmene bestod hovudsakleg av Motorhead Sherwood, Roy Estrada, Spider Barbour, All-Night John (studiomanageren) og Louis Cuneo, som var kjend for latteren sin, som høyrtes ut som ein «psykotisk kaklun».[6]

Under produksjonen eksperimenterte Zappa med innspelingas- og redigeringsteknikkar som gav uvanlege teksturar og musique concrète-stykke. Albumet består av forkorta songar avbrotne av segment med dialog og musikk utan samband til songane, noko som endra kontinuiteten på albumet.[7] Segment med orkestermusikk på albumet kom frå soloalbumet til Zappa, som kom ut på Capitol Records som Lumpy Gravy i 1967.[3] MGM hevda at Zappa etter kontrakten hans berre kunne spele inn musikk for dei, så Zappa redigerte så Lumpy Gravy, og gav ut ein drastisk annleis versjon for Verve Records, etter at We're Only in It for the Money kom ut. Omslaget av Lumpy Gravy identifiserte det som «phase 2 of We're Only in It for the Money», medan We're Only in It for the Money vart identifisert på omslaget som «phase one of Lumpy Gravy», og synte til den konseptuelle kontinuiteten mellom dei to albuma.[3]

Før utgjevinga, sensurerte MGM fleire spor utan at Zappa kjende til det, var involvert eller hadde gjeve løyve til det,[3][8] og seinare trykkingar av plata hadde ytterlegare delar sletta. På songen «Absolutely Free», vart linja «I'm not going to do any more publicity balling for you» redigert av MGM for å fjerne ordet «balling», og endra konteksten til setninga.[3] På songen «Let's Make The Water Turn Black», vart linja «and I still remember Mama, with her apron and her pad, feeding all the boys at Ed's Cafe» fjerna.[8] Zappa fekk seinare vite at linja vart sensurert fordi MGM-sjefane trudde at ordet «pad» synte til eit damebind, i staden for ei notisblokk for å ta i mot bestillingar.[8] I tillegg vart Lenny Bruce-referansen i «Harry, You're A Beast» sensurert,[9] og den talte delen av «Concentration Moon» som synte til The Velvet Underground som «as shitty a group as Frank Zappa's group».[6] Zappa nekta å seinare å motta ein pris for albumet då han vart klar over sensuren, og sa «Eg vil heller at prisen går til fyren som endra plata, for det du høyrer reflekterer betre det han gjorde enn det eg gjorde».[8]

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

I teksten hans for We're Only in It for the Money snakkar Zappa som ei stemme for «freaks—innbilte utskot som ikkje passa inn i ei gruppe», i følgje Allmusic sin Steve Huey.[7] Sidan driv albumet satire med hippie-kulturen og politikk på både venstre- og høgresida, og skildrar begge sider som «fangar av den same trongsynte, overflatiske falskheita».[4][7][10]

Zappa sa seinare i 1978 at «hippiear var ganske dumme. [...] folka som var involvert i ungdomsprosessar [...] er særs sensitive til kritikk. Dei tar alltid seg sjølv så seriøst. Så ein kvar som drar prosessen i tvil, om det er ein fredsmarsj eller kjærleiksperler eller kva som helst - så er personen ein fiende og må handsamast hardt. Så me vart kraftig kritisert, fordi me våga å hinte om at det som føregjekk i røynda var ganske idiotisk.».[2]

Eit anna element av tekstane på albumet kom frå hersinga og arrestasjonane til Los Angeles Police Department av unge rockefans, slik at det vart vanskeleg for bandet å spele på Vestkysten. Bandet flytta derfor til New York City fordi det var lettare å få spelejobbar her.[2] I tillegg refererte Zappa til komikaren Lenny Bruce. I songen «Harry, You're A Beast» siterer Zappa den faste frasen til Bruce, «To Is A Preposition, Come Is A Verb».[9]

Songen «Flower Punk» parodierer garagerock-klassikaren «Hey Joe», og handlar om ein ungdom som dreg til San Francisco for å verte eit blomsterbarn og bli memd eit psykedelisk rockeband. I tillegg refererer songen til «Wild Thing», ein av songane som definerte motkulturen på den tida.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Den kunstnariske leiaren til Zappa, Cal Schenkel, fotograferte eit collage for plateomslaget, som parodierte omslaget til The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Zappa brukte 4 000 dollar på fotograferinga og sa det var eit «direkte negativ» av omslaget til Sgt. Pepper. «[Sgt. Pepper] hadde blå himmel [...] me hadde torevêr».[2] Jimi Hendrix, ein ven av Zappa, tok del i fotograferinga og står der voksskulpturen av Sonny Liston hadde vore på Beatles-omslaget.[2]

Zappa ringde Paul McCartney og bad om løyve til parodien. McCartney sa at det var ei sak for managerane,[2][3][6] men Zappa svarte at det artistane sjølv som var meint å sei til managerane sine kva dei skulle gjere.[3][6] Uansett protesterte Capitol og albumet vart utsett i fem månader.[3][11] Verve valde å gje ut albumet med eit invertert omslag, der parodiomslaget vart plassert på innsida, og innsida vart framsida av frykt for søksmål.[2][4] Zappa var sint over avgjersla. Schenkel følte at Sgt. Pepper-parodien «var eit sterkare bilete» enn det endelege omslaget.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut 4. mars 1968 på Verve Records. Det nådde 30. plassen på Billboard 200.

Seinare utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1984 førebudde Zappa ein remiks av albumet for utgjeving på CD og vinylboksen The Old Masters I. Remiksen sette inn lyden som var blitt sensurert av Verve, i tillegg til det originale verset av «Mother People».[6] Det hadde òg nye rytmespor spelt inn av bassisten Arthur Barrow og trommeslagaren Chad Wackerman. Zappa gjorde seinare det same med Cruising with Ruben & the Jets, og sa «Lydbanda for Ruben and the Jets var i betre stand, men sidan eg likte resultatet på We're Only in It for the Money, valde eg å gjere det same med Ruben. Men desse er dei einaste to albuma der originalframføringa vart erstatta. Eg meinte det viktige var sjølve materialet».[1]

Lumpy Gravy vart òg miksa på ny av Zappa, men ikkje gjeve ut på denne tida.[2] Etter remiksinga vart Zappa saksøkte for $13 millionar av Jimmy Carl Black, Bunk Gardner og Don Preston, som seinare fekk med seg Ray Collins, Art Tripp og Motorhead Sherwood, som auka kravet til $16,4 millionar, fordi dei meinte dei ikkje hadde fått honorar frå Zappa sidan 1969.[1]

Lyddokumentar-boksen Lumpy Money omhandlar produksjonen av We're Only in It for the Money, og inneheld orkesterversjonen av Lumpy Gravy, ein monomiks frå 1968 av We're Only in It for the Money og miksane frå 1984 av We're Only in It for the Money og Lumpy Gravy, i tillegg til anna material frå desse innspelingane.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[7]
Robert Christgau(A)[12]
Rolling Stone(Positiv)[13]

Barret Hansen hylla albumet i april 1968 for Rolling Stone.[2] Han meinte det var det mest «avanserte» rockealbumet som var gjeve ut til då, men ikkje nødvendigvis det beste. Han samanlikna Zappa med the Beatles, og meinte at dei morosame og skarpe tekstane til Zappa var meir intelligenet, men klarte ikkje å tilpasse seg eit nyttverdisyn og sa ingenting om at musikken til the Beatles ikkje var vakker. Han konkluderte med at den første gjennomlyttinga kan vere særs djuptgåande, på grunn av sjokkeffekten, og at vidare lyttingar dermed ikkje vert like bra. Han vendte attende til samanlikninga med Beatles til slutt, og følte at Zappa var eit større musikalsk geni, men ikkje så komfortabel å lytte til.[14]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Allmusic skreiv «musikken syner seg sjølv som særs sterk, og det politiske synet og det satiriske instinktet til Zappa har sjeldan vore så fokusert og relevant, noko som truleg gjer We're Only in It for the Money til det største verket hans».[7] Robert Christgau gav albumet karakteren A og skreiv, «Med bohemlivet permanent og fullstendig forandra, har ikkje dette tidlege åtaket på massifiseringa vorte utdatert ettersom det har funne konteksten sin. Billig sarkasme er for alltid».[12]

I 2003 vart albumet rangert på 296. plass på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[15] På den oppdaterte lista frå 2012 låg albumet på 297. plass. I tillegg rangerte Rolling Stone albumet på 77. plass i ein artikkel frå 1987 kalla «The Top 100: The Best Albums of the Last Twenty Years».[16] Det er òg nemnt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die i lag med det første albumet til Mothers, Freak Out!.[17]

I 2005 vart albumet innført i National Recording Registry av U.S. National Recording Preservation Board som kalla det «kulturelt, historisk og estestisk signifikant» og «ein bitande satire om hippielivet og Amerika sin reaksjon på dette».[18]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Are You Hung Up?»1:23
2.«Who Needs the Peace Corps?»2:34
3.«Concentration Moon»2:22
4.«Mom & Dad»2:16
5.«Telephone Conversation»0:48
6.«Bow Tie Daddy»0:33
7.«Harry, You're a Beast»1:22
8.«What's the Ugliest Part of Your Body?»1:03
9.«Absolutely Free»3:24
10.«Flower Punk»3:03
11.«Hot Poop»0:26
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Nasal Retentive Calliope Music»2:03
2.«Let's Make the Water Turn Black»2:01
3.«The Idiot Bastard Son»3:18
4.«Lonely Little Girl»1:09
5.«Take Your Clothes Off When You Dance»1:35
6.«What's the Ugliest Part of Your Body? (Reprise)»0:57
7.«Mother People»2:32
8.«The Chrome Plated Megaphone of Destiny»6:25
Total lengd:39:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Mothers Today (1967)
Andre medverkande
  • Suzy Creamcheese (Pamela Zarubica) – telefonstemme
  • Pamela Zarubica – vokal
  • Dick Barber – snorkelydar
  • Eric Clapton – mannleg stemme på «Are You Hung Up?» og «Nasal Retentive Calliope Music».
  • Gary Kellgren – «the one doing all the creepy whispering»
  • Spider Barbour – vokal
  • Dick Kunc – «cheerful interruptions»
  • Vicki Kellgren – telefonstemme
  • Sid Sharp – dirigent (rettleia av Frank Zappa) frå «Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra and Chorus» på «Absolutely Free», «Mother People» og «The Chrome Plated Megaphone of Destiny»
Produksjon
  • Produsent: Frank Zappa
  • Leiande produsent: Tom Wilson
  • Lydteknikarar: Gary Kellgren, Dick Kunc
  • Remiksing: Dick Kunc
  • Redigering: Dick Kunc, Frank Zappa
  • Arrrangør: Frank Zappa
  • Konsept: Frank Zappa
  • Kunstnarisk leiar: Cal Schenkel
  • Design: Cal Schenkel
  • Plateomslag: Cal Schenkel
  • Fotografi: Jerrold Schatzberg
  • Moterådgjevar: Tiger Morse
  • Garderobe: Billy Mundi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1968 US Billboard 200 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Barry Miles (2004). Frank Zappa : the biography (23. print. utg.). New York, NY: Grove Press. s. 160, 326. ISBN 0-8021-4215-X. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 (2008) Plateomslagstekst for Lumpy Money. Zappa Records.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Walley, David (1980). No Commercial Potential: The Saga of Frank Zappa. Da Capo Press. s. 85, 89. ISBN 0-306-80710-6. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Schinder, Scott; Schwartz, Andy (2008). Icons of rock : an encyclopedia of the legends who changed music forever. Westport, Conn. [u.a.]: Greenwood Press. s. 363. ISBN 978-0-313-33847-2. 
  5. James, Billy (2002). Necessity is.... : the tidleg years of Frank Zappa and The Mothers of Invention (2. ed. utg.). Middlesex: SAF Publishing Ltd. s. 59. ISBN 0-946719-51-9. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Slaven, Neil (2003). Electric Don Quixote: The Definitive Story of Frank Zappa. Omnibus Press. s. 85, 100, 105. ISBN 0-7119-9436-6. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Huey, Steve (2011). «We're Only in It for the Money – The Mothers of Invention | AllMusic». allmusic. Henta juni 26, 2011. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Zappa, Frank with Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. s. 84. ISBN 0-671-63870-X. 
  9. 9,0 9,1 Courrier, Kevin (2002). Dangerous Kitchen: The Subversive World of Zappa. ECW Press. s. 9, 81. ISBN 1-55022-447-6. 
  10. Shuker, Roy (2001). Understanding popular music (2. ed. utg.). Psychology Press. s. 121. ISBN 0-415-23509-X. 
  11. Penney, Stuart (mai 1987). «Frank Zappa – The Early Albums». Record Collector 93: 38–44.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  12. 12,0 12,1 Robert Christgau (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta juni 26, 2011. 
  13. Barret Hansen (1968). «We're Only In It for the Money». Arkivert frå originalen 29. mai 2014. Henta august 24, 2012. 
  14. Barret Hansen (april 6, 1968). «1968-04 We're Only In It For the Money (review)». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. november 2011. Henta mai 23, 2012. 
  15. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. april 2010. Henta 29. mai 2014. 
  16. «Rolling Stone» (507). 27 august 1987: 144–146.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  17. Dimery, Robert (2009). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Octopus Publishing Group, London. s. 156. ISBN 9781844036240. Henta 23. september 2012. 
  18. The National Recording Registry 2005, National Recording Preservation Board, The Library of Congress, mai 24, 2005 . Henta 15. mai 2014.