Björklinge

Koordinatar: 60°1′58.652″N 17°32′52.487″E / 60.03295889°N 17.54791306°E / 60.03295889; 17.54791306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°1′58.652″N 17°32′52.487″E / 60.03295889°N 17.54791306°E / 60.03295889; 17.54791306

Björklinge kyrkje

Björklinge er ein svensk tettstad i Uppsala kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 3 186 innbyggjarar. Björklinge ligg cirka tjue kilometer nord for Uppsala, og ca. 4 km vest for motorvegen, (E4). Riksvegen mellom Uppsala og Gävle har i hundreår gått gjennom Björklinge. 17. oktober 2007 opna den nye motorvegen frå Uppsala nordover mot Gävle, og dermed går ikkje «Riksvegen» lenger gjennom tettstaden Björklinge.

Björklinge ligg ved og på ein stor rullesteinås). Like aust for tettstaden ligg innsjøen Långsjön. Han strekkjer seg fem kilometer nordover og er knapt ein kilometer brei. Det er ein kildevassinnsjø med god vasskvalitet.

60. breddegrad går ved Drälinge, ca. 4 km sør for Björklinge kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]