Bjarne Gullbråskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bjarne Gullbrarskald)
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Bjarne Gullbråskald (norrønt: Bjarni Hallbjarnarson gullbrárskáld) var ein islandsk skald som levde på 1000-talet.

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Det meste av det vi veit om livet til Bjarne Gullbråskald, finn vi i den korte islandske tåtten om «Torgrim Hallbjørnsson og Bjarne Gullbråskald»[1]. Han var frå Laxárdalur i Skagafjorden på Island. Far hans var Hallbjørn, og han hadde ein bror som heitte Tord, men ingen av dei er nemnt i andre samanhengar. I Skaldatal[2] er han ført opp som skald hos den norske hovdingen Kalv Arnesson.

Nokre haldepunkt om livet hans finn vi òg i det einaste diktet som er kjent av av han, åtte strofer av «Kalvsflokk» (Kálfsflokkr)[3], som er eit hyllingsdikt til Kalv Arnesson. Bjarne Gullbråskald er òg nemnt i dei norrøne kongesogene, t.d. i Heimskringla, i Soga om Olav den heilage[4] frå kapittel 177 og utover.

Tilnamnet hans er oftast gitt tydinga «skalden med gylne augebryn», men han kan òg ha fått namnet fordi han kan ha gjort dikt til ei kvinne som vart kalla «gullbrå», det vil seie ei som hadde gylne augehår eller augebryn (Skalden Gissur Svarte har òg fått dette tilnamnet).

Feil kronologi[endre | endre wikiteksten]

«Tåtten om Torgrim Hallbjørnsson og Bjarne Gullbråskald»[1] skildrar hendingar frå tidleg i styringstida til kong Magnus den gode. Bjarne skal der ha framført eit kvad der han mellom anna hylla Kalv Arnesson for hans deltaking i slaget ved Stiklestad, og for hans motstand mot kong Olav den heilage. Det 5. verset av «Kalvsflokk»[3] lyder slik:

Jǫrð rétt vígi at varða
vígreifr fyr Áleifi;
brauzt við bragning nýztan
bág; þat kveðk mik frǫ́gu;
fyrr gekt á stað Stiklar
stór verk, en óð merki,
satt 's at sókn of veittir
snjallr, unz gramr vas fallinn.
Landet med våpen du varde,
vigdjerv, imot Olav;
eit beite med hovdingen
du hadde, — det kom meg for øyra.
Til stordåd fram du stemnde
på Stiklestad den fremste,
hæve der merket vod; du våpenverk
vann, til kongen var fallen.

Islendingen Torgrim Hallesson likte ille at det var tala rosande om at Kalv hadde kjempa mot kong Olav, og han drap Bjarne. På eit tingmøte skal Kalv Arnesson ha lyst Torgrim fredlaus for ugjerninga, og broren Tord Hallbjørnsson tok då straks hemn og drap Torgrim. Noko seinare var òg Tord drepen.[Note 1]

Kronologien i tåtten samsvarar ikkje med innhaldet i «Kalvsflokk», som må ha blitt langt seinare, etter at Kalv Arnesson hadde rømt frå Noreg og slutta seg til Torfinn Sigurdsson jarl på Orknøyane. Truleg må diktet tidlegast ha blitt til i midten av 1040-åra, kanskje så seint som i 1050, og då var altså Bjarne Gullbråskald framleis i live. Mellom anna handlar det 8. verset[3] om striden Kalv Arnesson og Torfinn jarl hadde på Orknøyane mot Ragnvald Brusesson jarl, noko som må han funne stad etter 1045.

Sogeskrivaren må såleis ha teke feil når han la drapa til styringstida til kong Magnus den gode (1035-1047). Hendinga kan ha funne stad seinare, i tida omkring år 1050, etter at Kalv då var komen attende til Noreg og var blitt forlikt med kong Harald Hardråde.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det var felagen til Torgrim, skalden Kolgrim litle (Kolgrímr litli), som drap Tord. Han vart fanga og lagt i lekkjer, men seinare sett fri av kong Harald Hardråde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fortællingen om Torgrim Halleson og Bjarne Guldbrynsskjald på heimskringla.no
  2. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  3. 3,0 3,1 3,2 Kálfsflokkr av Bjarne Gullbråskald (frå Skaldic Poetry]
  4. Soga om Olav den heilage omsett av S. Schjött (1900) frå heimskringla.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]