Bjerknessenteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjerknessenteret held til i Geofysisk institutt, ved Universitetet i Bergen.

Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er eit internasjonalt klimaforskingssenter i Bergen. Senteret har fire partnarar: Havforskingsinstituttet (HI), Nansensenteret (NERSC), Universitetet i Bergen (UiB) og Norce (tidlegare Uni Research). Bjerknessenteret for klimaforsking har hatt status som Senter for fremragende forskning (2002–11), ei ordning opretta av Norges forskningsråd for å byggje norske forskingsinstitusjonar til høgaste internasjonale nivå.

Om senteret[endre | endre wikiteksten]

Bjerknessenteret er det største naturvitskaplege klimasenteret i Norden.[1] Senteret har særleg fokus på høge breiddegrader og formidlar kunnskap om klimaendringar for forskarar, politikarar, industri og publikum – fordelt på fire hovudområder: globalt klima, klimafarar, polarklima og karbonsystemet.[2]

Den vitskaplege staben består av meir enn 200 forskarar og studentar frå over 30 nasjonar. Forskarane er rekruttert frå fleire fagområde, med forankring i meteorologi, oseanografi, geologi, fysikk og matematikk. Samarbeid på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå står sentralt i organisasjonen.

Bjerknessenteret var ei av fire grupper i Europa som leverte globale klimascenarioer til første del av den fjerde klimarapporten til FNs klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC), lansert i februar 2007). Åtte forskarar ved senteret medverka til skrivinga av denne rapporten. FNs klimapanel vart tildelt Nobels fredspris hausten same år.

Senteret vart i 2013 tildelt Christieprisen, utdelt av Universitetet i Bergen til mottakarar som har «bidratt til å fremme eller synliggjøre universitetets sentrale rolle i samfunnsutviklingen».

Leiing[endre | endre wikiteksten]

Direktør ved Bjerknessenteret er forskar Kikki Kleiven ved Universitetet i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Han gjorde Bergen til hovudstad for klimaforsking», pahoyden.no (på norsk), 6. mars 2017, arkivert frå originalen 2020-08-15, henta 4. oktober 2019 
  2. «Bjerknessenteret for klimaforskning», Bjerknessenteret for klimaforskning (på norsk bokmål), henta 4. oktober 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]