Blåknapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåknapp
Blåknapp
Blåknapp
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Dipsacales
Familie: Kaprifolfamilien Caprifoliaceae
Underfamilie: Dipsacoideae
Slekt: Succisa
Art: Blåknapp S. pratensis
Vitskapleg namn
Succisa pratensis

Blåknapp (Succisa pratensis) er ei fleirårig plante i kardeborrefamilien som er utbreidd i Europa, Asia, og Nord-Afrika. Stengelen er kring 40 cm høg, snau og blank nedst. Planta har tjukke blanke blad som oftast er snaue. Han har halvkuleforma korg som er om lag 2 cm brei. Krona er blå eller blåfiolett med lange kronrøyr. Griffelen og mjølknappane stikk ut.

Kvit blåknapp med bie.

Planta blømer kring august månad på fuktige stader, beite og lyngmark. I Noreg er ho vanleg langs kysten i sør. Blåknapp veks nord til Vesterålen, men er meir fåtalig inne i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.