Black Box teater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Black Box Teater)
Hopp til navigering Hopp til søk

Black Box teater er eit teater i Oslo som vart skipa i 1985. Frå februar 2004 har teateret hatt tilhald i nytt, særskild innreia lokale i Marstrandgata 8 på Dælenenga i stroket Rodeløkka etter fram til 2003 å ha hatt lokale på Aker Brygge i Vika. Teateret har to scener, Store og Lille, og i foajeen er det ein bar som er open før og etter framsyningane.

Black Box teater skal utgjere ein sentral part av den nasjonale infrastrukturen for fri scenekunst i Noreg, og har ingen eigen skodespelarstab. Teateret presenterer og co-produserer frittståande kunstnarar og kompani på tvers av sjangrar, har ein internasjonal og samtidsorientert profil, og presenterer jamleg nokre av det fremste scenekunstnarane i verda. Årleg arrangerer teatret Oslo internasjonale teaterfestival med nyskapande scenekunst frå heile verda. Fleire norske scenekunstnarar og kompani har Black Box teater som si premièrescene. Teaterets program vert lagt av kunstnerisk leiar.

Teateret får driftstilskott frå Oslo kommune og Kulturdepartementet, og i tillegg tilskott gjennom Den kulturelle skolesekken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]