Blandingsøkonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Med nemninga blandingsøkonomi meiner ein vanlegvis den typen økonomi og samfunnsmodell som har utvikla seg i Norden dei siste hundre åra, og særleg sidan 1930-talet.

Denne nordiske eller skandinaviske samfunnsmodellen er blant anna kjenneteikna av ei blanding av element frå kapitalistisk marknadsøkonomi og sosialistisk planøkonomi, derfor namnet blandingsøkonomi.

Denne nordiske modellen skil seg dramatisk frå regulert kapitalisme og korporativisme under den klassiske fascismen og frå statskapitalisme under kommunistiske diktatur-regime, som det moderne Kina. Dette blant anna på grunn av den store rolla dei frie organisasjonane spelar i systemet, som derfor også blir kalla ein forhandlingsøkonomi. Men også sjølvsagt på grunn av det grunnleggjande at nordisk blandingsøkonomi byggjer på demokrati og ikkje diktatur.

Eit anna viktig element i blandingsøkonomien er velferdsstaten. I brei forstand kan for så vidt heile systemet kallast velferdstaten, og da forståast ikkje berre som eit system av trygder og skattefinansierte overføringar av ulike slag, men også eit system av kollektive rettar, ikkje minst for fagorganisasjonar, ei viss folkevald styring av økonomien og i det heile eit organisert arbeids- og samfunnsliv.

Den demokratiske blandingsøkonomien og velferdsstaten står som samfunnsmodell i motsetning til den nyliberalismen som har vore på offensiven internasjonalt dei siste ti-åra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]