Fascisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fascismen er ei politisk retning og rørsle som først voks fram i Italia rett etter første verdskrigen, under leiing av Benito Mussolini. Det oppstod fascistiske rørsler i mange land. Ein av dei mest kjende variantane er Hitler-fascismen, eller nazismen, i Tyskland.

I mellomkrigstida var fascismen overalt ei nydanning som med militariserte rørsler splitta dei tradisjonelle konservative partia; særleg dei unge vart tiltrekte av fascismen. På denne tida nådde fascismen også høgdepunktet sitt. Det vart danna fascistiske parti i ei rekkje land, med klar gjensidig etterlikning mellom dei, og i fleire land fekk desse partia tilstrekkeleg tilslutning til å gje dei innverknad. I Italia (1922) og Tyskland (1933) kom fascistiske regime til makta medan fascistpartia i Spania, Portugal, Austerrike, Romania og Ungarn var aktive ved danninga av fascistvenlege regjeringar. I Frankrike, Belgia og Finland deltok desse partia i yttarleggåande men kortvarige framstøytar mot arbeidarrørsla. Berre i Skandinavia, Nederland og Storbritannia fekk dei lita tilslutning.[1]

Fascismen har ikkje nokon fast utarbeidd ideologi, men består meir av ideologibrokkar sette saman og vektlagde etter som det høvde i stoda. Det er rørsla og makta som er viktig, ikkje prinsippa. Fascismen kan difor vere svært opportunistisk. I Dahl/Hagtvet/Hjeltnes Den norske nasjonalsosialismen, kapitlet Internasjonal bakgrunn, blir dette blant anna uttrykt slik: «Fascismen skapte forvirring fordi den la seg så å si på tvers av alle kategorier.» [2]. Historikaren Sverre Steen seier det slik: «Mussolini utformet til å begynne med ingen ideologi for fascismen (---). Han var klart antiintellektualist og relativist og slo om seg med slagord, plukket fra mange filosofers skrifter. Han talte om viljen til makt, og han praktiserte den. Han forherliget det irrasjonale på fornuftens bekostning, og hevdet at handling hadde større verdi enn tenkning.»[3] Og Carl Grimberg skriv: «Egentlig var imidlertid Mussolini selv ikke bundet av noen idé eller noen lære; slikt var for ham bare midler. Målet var å vinne makt og bruke makt.»[4] Og vidare: «Den ideologi man skaffet seg etter makterobringen, var heller ikke så meget et logisk oppbygget system av idéer og normer, men «myter» som skulle stimulere viljeliv og handlekraft.»[5]

Likevel kan til ein viss grad tankane til tenkjarar som mellom andre Georges Sorel og Giovanni Gentile sjåast som intellektuell bakgrunn for fascismen.

Kva er fascisme?[endre | endre wikiteksten]

Nokre element kan trass i det ovannemnde identifiserast som konstituerande for fascismen:[6][7][8]

Fascismen er nasjonalistisk, og ser nasjonen som ståande i ein konstant kampsituasjon i høve til andre nasjonar, der dei sterke dominerer og dei veike blir dominerte eller bukkar under. I tysk fascisme, også kalla nazisme, er denne tankegangen utvida til å gjelde dei såkalla «rasane», og den tyske nasjonen sin lagnad er å leie den nordiske/germanske/ariske «rasen» i rasekrigen. I den opphavlege italienske fascismen er rasismen mindre viktig enn i tysk nasjonalsosialisme, særleg gjeld det anti-semittismen, som stod så sentralt i Hitler-fascismen. [9]. Likevel var også italiensk fascisme klart rasistisk, særleg overfor afrikanarar og slaviske folk, og tendensar til antisemittisme fanst tidleg også der, og dei vart forsterka i 1930-åra.[10]

Sidan det framfor alt gjeld å styrkje nasjonen, må også dei sterke innanfor nasjonen dyrkast fram og dei veike må bort, og nasjonen må ikkje vere kløyvd i fleire parti, men stå samla attom ein førar i det eine nasjonale partiet. Klassemotsetningar finst ifølgje fascismen ikkje, og klassekamp blir med det forboden, liksom fagforeiningane og partia som skal føre han. I staden kom den fascistiske statskorporativismen, med representantar for arbeidsgjevarar og arbeidstakarar i dei same bransjeforeiningane under fascistisk leiing. Organisasjonane vart eittpartistaten sin forlengde arm, og alle trådar samla hos føraren. Leiarane i organisasjonane vart ikkje valde, men utpeika ovanfrå.[11]

Fascismen foraktar generelt veikskap[12] men inneheld samtidig element av velferdstenking for dei verdig trengande, ut frå kva som blir sett som tenleg for den fascistiske staten sjølv. Såleis dreiv dei tyske nazistane både med drap på psykisk utviklingshemma, samtidig som dei støtta familiar med mange barn. Fascismen er anti-parlamentarisk, anti-sosialistisk og byggjer organisasjonane sine på førarprinsippet. Føraren er ikkje ansvarleg overfor folket som politiske leiarar i eit representativt demokrati, men er utpeika av sjølve lagnaden til å leie folket, og folket må lyde og følgje føraren for å vinne full styrke og sigre i dei naturgjevne krigane. Fascismen ser rett og slett positivt på vald og krig, det reinsar og styrkjer. [13].

Ein kan og nemne at fascismen er anti-feministisk, den dyrkar den sterke mann, og meiner kvinnene sin plass er i heimen der dei skal fø flest mogleg sunne barn som styrkjer nasjonen. I den tyske varianten og dei mange fascistrørslene som tok etter den, sjølvsagt «rasereine» barn. Vidare ser vi at fascismen er anti-intellektuell, det er det handlande mennesket som er idealet. Og dei handlingane det gjeld, er gjerne valdshandlingar. Heilt frå starten er fascismen ei valdeleg rørsle, ein type militarisert politikk, noko ein også ser av uniformeringa (italienske svartskjorter, tyske brunskjorter). [14].

Dei italienske fascistane dreiv omfattande terror mot Det italienske sosialistpartiet og fagrørsla i åra 1919 og framover, med husbrenningar, mishandlingar, valdtekter og drap, utan at styresmaktene greip inn for å stanse det, snarare med deira stillteiande støtte. [15] Benito Mussolini blei gjord til regjeringssjef i ei borgarleg koalisjonsregjering med andre høgreparti i 1922, og frå 1927 var Italia ein fascistisk eittpartistat. I åra frå 1930 til 1933 gjentok den same prosessen seg i Tyskland.

Utanfor Italia og Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Andre europeiske land fekk òg fascist-liknande regime i mellomkrigstida, såleis Portugal, Spania (etter den spanske borgarkrigen), Austerrike (etter Oppstanden i Wien i 1934) og fleire land i Aust-Europa, mellom dei Romania. Det er ein diskusjon om desse diktaturregima var eigentleg fascistiske, eller berre autoritær-konservative. Men det var glidande overgangar og overlapping mellom reaksjonære og revolusjonære aspekt ved all fascisme, han var både tradisjonalistisk og moderne på ein gong. At det til dømes finst skilnader mellom Franco-regimet og regima til Mussolini og Hitler, hindra ikkje at dei to sistnemnde gav full støtte til den førstnemnde under borgarkrigen. Dei såg det som den same kampen dei kjempa. Pax Leksikon seier det slik: «General Franco (1936-1975) ble hjulpet fram av en fascistisk bevegelse, som i perioder spilte en så stor rolle i regimet at det er berettiget å se det som i hvert fall delvis fascistisk.» [16]

Tilhøvet mellom fascismen og den meir tradisjonelle høgresida er også uttrykt slik: «Fascistenes ekstreme nasjonalisme og elitedyrkelse måtte fra første stund blinke ut arbeiderbevegelsen som hovedfienden. Men fascismen var også anti-konservativ - med det særdeles viktige forbehold at fascistene alltid var kompromissvillige til høyre; de kom til makten på skuldrene til de konservative.» [17].

Under andre verdskrigen vart det oppretta fascistiske kollaboratør-regime i fleire av dei okkuperte landa. Eitt av dei var Ustasja-regimet i Kroatia. Dette regimet dreiv ei systematisk jakt på serbarar i tillegg til jødar, sigøynarar, homofile og partisanar, og fór fram med ekstrem brutalitet. [18]

Det norske fascistpartiet heitte Nasjonal Samling, og blei danna i 1933. Det blei forbode i 1945.

Kjelder og litteratur for vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå artikkelen om fascisme på den danske wikipediaen, innleiinga.
  2. Dahl/Hagtvet/Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen. Pax Forlag 1982. ISBN 82-530-1171-7. Side 13. Sjå òg same stad side 16 og side 20)
  3. Sverre Steen: Frihet og liv er ett, Cappelen 1977, ISBN 82-02-03758-1, side 13.
  4. Carl Grimberg: Menneskenes liv og historie, Cappelen 1958, bind 21, side 184.
  5. Carl Grimberg, Menneskenes liv og historie, bind 21, side 189.
  6. CapLex, Cappelen 1997, ISBN 82-02-17668-9, oppslagsord Fascisme.
  7. Carl Grimberg: Menneskenes liv og historie, side 189.
  8. F.L. Carsten: The Rise of Fascism, Methuen & Co 1970, SBN 416181902, side 230-232.
  9. Dahl/Hagtvet/Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen. Pax Forlag 1982. ISBN 82-530-1171-7. Side 22
  10. Sjå artikkelen om fascisme på tysk wikipedia, bolken om italiensk facisme, avsnittet Unterschiede zum Nationalsozialismus.
  11. Sverre Steen: Frihet og liv er ett, side 15.
  12. Birger Steiro: Politisk idéhistorie, Cappelen 2002, ISBN 82-02-16766-3, side 187-188.
  13. Dahl/Hagtvet/Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen. Pax Forlag 1982. ISBN 82-530-1171-7. Side 10-14 og side 16-22
  14. Dahl/Hagtvet/Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen. Pax Forlag 1982. ISBN 82-530-1171-7. Side 14 og side 22
  15. F.L. Carsten: The Rise of Fascism, side 50 og framover.
  16. Pax Leksikon, bind 2, art. «Fascisme». Pax Forlag 1979. ISBN 82-530-1236-5.
  17. Dahl/Hagtvet/Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen. Pax Forlag 1982. ISBN 82-530-1171-7. Side 17
  18. Dahl/Hagtvet/Hjeltnes: Den norske nasjonalsosialismen. Pax Forlag 1982. ISBN 82-530-1171-7. Side 11.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]