Bleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bleik
tettstad
Bleik village and Bleik island, seen from Mount Royken.jpg
Bleik og Bleiksøya sett frå fjellet Røyken
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Andøy
Areal 0,38 km²
Folketal 453 (2017)
Folketettleik 1 192 / km²
Postnummer 8481 BLEIK
Preposisjon Bleik
Wikimedia Commons: Bleik
Tettstaden og fiskeværet Bleik.
Teikning: Finn Bjørklid

Bleik er ein tettstad og fiskevær i Andøy kommune i Nordland fylke. Staden ligg på nordvestsida av Andøya, om lag ti kilometer frå Andenes. Tettstaden har 453 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Namnet kjem truleg frå gammalnorsk bleikr - ljos, etter den ljose sandstranda, eller av blikk - den blikkstille som kan vere inne ved Bleik sjølv om nordausten står på ute i havet.

Bleik har ein særprega klyngebusetnad og næringsgrunnlaget er hovudsakleg fisketilverking og fiskeindustri, mekanisk verkstad. I 1925 vart store delar av husa øydelagt i ein storstorm. Ein gammal gardshaug kan sporast tilbake til 600 e. Kr og har ei djubde på 6 m.

Det kjente fuglefjellet Bleiksøya ligg rett utanfor Bleik, innanfor ligg Bleiksmorena naturreservat.

Bleik var den første staden i Vesterålen som tok i bruk eit vasskraftverk til straumproduksjon. Bleikselva vart demt opp, og kraftverket vart sett i drift 9. oktober 1904. Det leverte frå starten av 25 kW, nok til ljos til ca. 50 husstandar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trollfjord Kraft (red. Øystein Rysst): ...i hundre 1907-2007. Elektrisitetens hundreårige historie i Hadsel. Stokmarknes 2007. ISBN 978-82-303-0874-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]