Bleiksøya
Utsjånad
69°16′27″N 15°52′34″E / 69.27417°N 15.87611°E
Bleiksøya er ei lita, busett øy vest for Bleik på Andøya i Nordland. Det høgaste punktet på Bleiksøya er 160 moh. Hovuddelen av øya er bratt fjell, men den sørvestlege delen av øya er flatare. Som med Torghatten har Bleiksøya eit hol tvers gjennom seg.
Bleiksøya er det nordlegaste fuglefjellet i Nordland. På øya er det gode bestandar av mellom anna lunde, krykkje, alke, lomvi, havhest, havsvale, toppskarv og havørn. Øya er verna som naturreservat. I juni og første halvdel av juli er det forbod mot å gå i land på øya. Bleiksøya er eit gammalt egg- og dunvær.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bleiksøya naturreservat[daud lenkje]Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.