Bleken stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°12′10.54″N 10°19′28.87″E / 61.2029278°N 10.3246861°E / 61.2029278; 10.3246861

Bleken stavkyrkje stod i si tid på Kjørkjejordet ved Bleken midtre i Rudsbygd.

Bleken stavkyrkje var ei stavkyrkje som skal ha vore gardskyrkje og skal ha stått på Kirkejordet (eller Kjørkjejordet), like over gardstunet på Bleken midtre og nordre[1] i Rudsbygd (no Lillehammer kommune).

Kyrkja er fyrste gong omtala i 1333 og soknet muligens noko tidlegare.[2] Ho var frå gamalt av anneks til Follebu kyrkje, for så å bli overført til Fåberg då Follebu prestegjeld vart oppløyst etter Svartedauden. Det har truleg òg vore justeringar av soknegrensane.

Kyrkja skal ha vore i bruk så seint som i 1630. Nye klokkestrenger vart kjøpt inn i 1660, men elles er det ikkje ført vedlikehaldsutgifter i rekneskapen for dei seinare åra, og i ei synfaring i 1664 heiter det seg at kyrkja har vore øyde og nedfallen i mange år. Rekneskapen held fram til 1663, då soknet vart lagt ned og ein gav avkall på rett til tiende.[3]

I dag finst ingen synlege spor etter kyrkja, men det skal ha vore ei fordjuping på jordet etter kyrkjekjellaren fram til byrjinga av 1800-talet. Eit messingfat — truleg døypefatet frå kyrkja — seiest å vere funnen på staden og vart i mange år brukt i smia på Bleken midtre ved avkjøling av jarn. Ei dør og ein dørring vert oppbevart på Bleken nordre, og to messingstakar på Nordgard Fougner skal etter tradisjonen stamme frå same kyrkja.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gnr. 144, jf. Fåberg historielag.
  2. Ifølgje Sand (1988) er soknet fyrste gong omtala i eit brev frå 1305, medan Skre (1988) daterer fyrste skriftlege omtale av «Bløykina sokn» til 1361.
  3. Skre, s. 65.
  4. Skre, s. 65–66, jf. Sand, s. 12.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]