Blindurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blindurt
Blindurt
Blindurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Nellikfamilien Caryophyllaceae
Underfamilie: Caryophylloideae
Stamme: Sileneae
Slekt: Smelleslekta Silene
Art: Blindurt S. wahlbergella
Vitskapleg namn
Silene wahlbergella

Blindurt (Silane wahlbergella) er ein fleirårig plante i smelleslekta i nellikfamilien. Blindurt skil seg frå andre smeller ved å vera kleistogam, dvs. tilpassa for sjølvpollinering. Blomen framstår som regel berre med det oppblåste begeret som er karakteristisk for mange artane i denne slekta. Blindurt er ikkje fullstendig kleistogam: det finst blomar med eksponerte kronblad, og dette gir planten moglegheit for krysspollinering. Blada er smale.

Planten veks i fjellstrøk i Sør-Noreg, gjerne på baserik grunn. Nordover frå Bodø og Fauske er arten vanlegare[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lid, J. og D. T. Lid. R. Elven, red. Norsk flora (7 utg.). Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-6029-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]