Blodregn


Blodregn eller raudt regn og blodsnø eller raudsnø er regn og snø av raudleg farge som etterlet eit raudleg slam på bakken.[1]
Fargen kan koma av støv som er virvla opp frå ørkenar eller liknande, og som vert ført av stad til fjerne stader av luftstraumane i høgda. Snø og uttørkande vasspyttar kan òg fargast raude av astaxanthinrike kvilestadium av mikroalgane Chlamydomonas nivalis og Haematococcus pluvialis, som òg vert kalla snøalgar.[1] Eit tilfelle av raudt regn i Kerala i 2012 fekk mykje merksemd, og ein fann at fargen stamma frå sporane til algaa Trentepohlia annulata.[2] Det har òg vore lagt fram teoriar om at det raude støvet kan ha kome frå meteorittar, men dette vart ikkje funne i samband med Kerala.[3]
Før 1600-talet trudde ein generelt at regnet faktisk var blod, og det vart sett på som eit dårleg teikn. Dei romerske forfattarane Livius, Plinius og Cicero omtalte regntypen, men medan dei fyrste skildra det som eit varsel, meinte Cicero at det kunne stamma frå ei ureining.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «blodregn» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Gangappa, Rajkumar Gangappa; Stuart Hogg (22. november 2012). «DNA unmasked in the red rain cells of Kerala». Microbiology 159 (Pt 1): 107–11. PMID 23175506. doi:10.1099/mic.0.062711-0. Henta 5 December 2012.
- ↑ «No meteoritic or alien connection with Red rain». Dailynews.lk. 17. november 2012. Arkivert frå originalen 19 November 2012. Henta 18. oktober 2015.
- ↑ Tatlock, John S. P. (October 1914), «Some Mediaeval Cases of Blood-Rain», Classical Philology (The University of Chicago Press) 9: 442–447, JSTOR 261454, doi:10.1086/359914