Regn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regn

Regn er ei form for nedbør, og oppstår når vassdropar fell frå skyer og ned mot bakken. Visst regndropane fell ned i tørr luft kan dei av og til fordampe før dei når overflata. Dette blir kalla virga, eit fenomen ein vanlegvis ser i tørre ørkenområde. Regn oppstår som følgje av kondensasjon og veks ved hjelp av koalesens og ein prosess kalla Bergeronprosessen.

Regn i naturen[endre | endre wikiteksten]

Regnbyge i Danmark

Vasskrinslaupet[endre | endre wikiteksten]

Regn har ei stor rolle i vasskrinslaupet, der fukt frå havet fordampar og kondenserer til skyer, for så å falle tilbake til jorda som nedbør, og til slutt renn tilbake igjen til havet via elver. Ein liten del av vassdampen i lufta kjem òg frå vegetasjon.

Måling av regn[endre | endre wikiteksten]

Regnmengda blir målt med ein nedbørmålar, og vanlegvis uttrykt i millimeter. Nedbøren blir målt i løpet av ein tidsperiode, som regel 12 eller 24 timar (eit nedbørdøgn). Visst det kjem 1 mm regn på 1000 m2 svarar det til 1 m3 eller 1 tonn vatn. 1 mm regn fordelt på ein kvadratmeter er altså 1 liter vatn. I Noreg blir nedbørmålarane tømt til faste tider kvar dag og vidareformidla til Meteorologisk Institutt. I tillegg har ein automatiske nedbørmålarar (Pluviometer) som registrerer nedbøren fortløpande.

Form og oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Fallande regndropar blir ofte teikna som ei tåre  — runde i botn og smalare på toppen — men dette er ikkje rett. Berre dropar som dryp frå ein lekam er tåreforma i det dei blir danna. Små regndropar er nesten runde, medan større dropar er heilt flate med same form som ein hamburgar. Svært store regndropar har form som ein fallskjerm. Philipp Lenard studerte forma på regndropar i 1898. Han fann ut at små regndropar (mindre enn 2 mm i diameter) var så godt som sfæriske, og jo større dei blei (til om lag 5 mm i diameter) jo flatare vart dei. Vart dei større enn 5 mm blei dei ustabile og delte seg opp. I snitt er regndropar 1 til 2 mm i diameter. Dei største regndropane som er registrert var så store som 10 mm, mellom anna i Brasil og på Marshalløyane i 2004. Dette blei forklart ved kondensasjon på store røykpartiklar eller ved kollisjon mellom dropar i små område med store mengder flytande vatn.

Regndropar

Regndropar treffer bakken med terminalfarten sin som aukar med dropestorleiken. I havnivå utan vind vil yr med ein dropestorleik på 0,5 mm ha ein fart på om lag 2 m/s, medan dropar på 5 mm har ein fart på rundt 9 m/s.

Generelt har regn ein pH like under 6. Dette kjem av at atmosfærisk karbondioksid blir løyst opp i vassdropane og dannar små mengder med kolsyre, som senkar pH-verdien. I enkelte ørkenområde kan støv i lufta føre til kalsiumkarbonat i dropane som nøytraliserer syra, slik at regndropane kan bli nøytrale og til og med basiske. Regn med pH under 5,6 blir rekna som sur nedbør.

Regn og lyn[endre | endre wikiteksten]

Av og til kan ein merke at det regnar kraftigare like etter eit lynnedslag. Dette kjem av bipolaspektet i vassmolekyl. Det intense elektriske og magnetiske feltet som lynet genererer tvingar vassmolekyla i den nærliggande lufta inn i rekkjer. Desse molekyla dannar då trådar med vatn, og når det elektriske og magnetiske feltet forsvinn, dannar desse vasstrådane dropar som så fell som intenst regn.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Ein kan klassifisere regn på forskjellige måtar. Regndropar som er mindre enn 0,5 mm i diameter og fart på rundt 2 m/s eller mindre vert kalla yr. Yr kan igjen kategoriserast som lett, moderat eller kraftig, alt etter sikten. Større dropar, eller mindre dropar med stor avstand mellom seg, blir klassifisert som regn. Dette kan igjen kategoriserast som svakt, moderat eller kraftig, alt etter mengde og sikt.

Her i Noreg, og i nokre andre land, definerer ein òg nedbør etter kva skyer dei fell frå. Regn fell då frå stratiforme skyer, særleg stratus og altostratus som då blir kalla nimbostratus om det fell regn frå dei. Desse skyene og regnet som kjem frå dei dekker ofte store område, og kan vere relativt langvarig. Regn som fell frå cumuliforme skyer vert kalla regnbyer. Regnbyer er ofte lokale og varer kanskje berre eit par minutt. Enkelte byger kan derimot vere svært kraftige, særleg i samband med torevêr. Ofte kan det vere lange periodar med opphald mellom byene, men med stor skytettleik kan byene kome med korte mellomrom eller gå over i kvarandre.

Vedvarande regn kan føre til flaum over store område, medan kraftige byger kan føre til brå, lokale flaumar.

Av og til kan underkjølte vassdropar falle frå skyer som underkjølt regn. Når desse dropane, som har temperatur under frysepunktet, treffer bakken vil dei momentant fryse til is.

Effekt på jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Nedbør, og særleg regn, har ein stor effekt på jordbruk. Med få unntak treng alle planter litt vatn for å overleve. Både for mykje og for lite regn kan derimot vere skadeleg og øydelegge avlingar. Tørke kan ta livet av store avlingar, medan svært vått vêr kan føre til sjukdom og skadeleg sopp. Forskjellige planter treng forskjellige mengder regn for å overleve. Ein kaktus treng til dømes svært lite vatn, medan tropiske planter vanlegvis treng hundrevis av millimeter for å overleve.

Menneskeleg påverknad[endre | endre wikiteksten]

Forureining frå menneskelege kjelder, som til dømes bileksos, dannar små kondensasjonskjernar som kan føre til auka skydekke og dermed auke sjansen for regn. Trafikk fører til auka forureining gjennom ei vanleg veke, og dette gjer at sjansen for regn òg aukar. I urbane strøk er derfor ofte laurdagen den dagen i veka det regnar mest, fordi forureiningsmengda har samla seg opp i løpet av dei fem arbeidsdagane. Spesielt gjeld dette i kystnære område. I store byar på austkysten av USA er det 22 % større sjans for regn på laurdagar enn på måndagar.[1]

Lukta etter regn[endre | endre wikiteksten]

Lukta ein stundom kan kjenne etter regn vert kalla petrichor og kjem frå ei slekt av aktinobakteriar, Streptomyces, i ordenen Actinomycetales. Lukta kjem mellom anna av geosmin, eit alkoholprodut desse jordbakteriane lager når dei blir tilført væte etter tørke. Noko av lukta kan òg kome frå plantemateriale etter ein lengre tørkeperiode, til dømes planteolje dei sondrar ut for å verna seg mot uttørking.[2] I torevêr kan òg lyn gje opphav til ozon som gjev lukt før regnet kjem.

Petrichor kjem av dei greske orda petra, som tyder stein, og ichor, som i følgje gresk mytologi er den eteriske væska som flyt i årene til gudar.[3]

Kunstig regn[endre | endre wikiteksten]

Det har vore mykje diskusjon om det er mogeleg å danne kunstig regn, ein teknikk som blir kalla «å så skyer». I følgje denne teorien kan ein sprøyte kjemikaliar som sølvjodid eller tørris inn i skyer og små vassdropar vil så fryse på desse partiklane. Desse vil så falle ned til jorda og smelte på vegen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Rue de Paris, temps de pluie (1877) av Gustave Caillebotte .

Mange stadar i verda, og særleg i den vestlege verda, blir regn ofte sett på som noko trist og negativt, i motsetnad til sol. Enkelte meiner derimot at regn kan vere avslappande og koseleg. I tørre område av verda set ein derimot som regel stor pris på regn. I delar av Afrika, India og Midtausten blir regn motteke med stor glede. I Botswana har dei same ord for regn og pengar («pula»), og viser med det kor viktig regnet er for økonomien i landet.

Mange kulturar har utvikla metodar for å halde seg tørre i regnvêr, til dømes paraplyar og regnklede i tillegg til rennesteinar, kumlokk og avløp som fører regnet bort frå overflata. Mange vel òg å halde seg innandørs når det regnar, særleg i tropiske område der regn vanlegvis kjem i lag med kraftig torevêr eller under monsunen der det kan regne svært, svært kraftig.

Regn i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bergen er kjend for ha mykje regn og i lag med Førde er dette dei byane i Europa der det regnar mest (2000-3000 mm). Dette kjem av at Vestlandet ofte har vestleg vind, skapt av alle lågtrykka som kjem inn frå vest. Lågtrykka sender frontar inn mot Vestlandet og dette fører til ein god del regn, samtidig som den vestlege vinden fører til at luft blir løfta over fjella og skapar orografisk nedbør. Til saman gjev desse to fenomena dei store nedbørmengdene ein har på Vestlandet.

Eit panoramabilete som viser glimt av blå himmel til venstre og regn til høgre.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kare Utaaker (1991) Mirko- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø på liten skala – Alma Mater. ISBN 9788241900631.
  2. Geir Ottar Fagerlid (30.05.2016), «Kvifor luktar regnet?», Yr.no, http://www.yr.no/artikkel/kvifor-luktar-regnet_-1.12960924 
  3. Aarnes, Halvor (10. juni 2014), «Lukten etter regn», Store norske leksikon, http://snl.no/lukten_etter_regn, henta 7. juli 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Regn