Bloomsbury Publishing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Bloomsbury Publishin.

Bloomsbury Publishing plc er eit uavhengig internasjonalt forlag med hovudkontor i London. Det har også kontor i Sydney, New York og New Delhi og gjev hovudsakleg ut engelskspråkleg skjønnlitteratur og sakprosa.[1]

Selskapet blei skipa i 1986 av Nigel Newton. Hovudkontoret ligg i Camden i London.[2] Bloomsbury blei børsnominert i 1995. I 2000 kjøpte det opp A&C Black Plc, som mellom anna gjev ut Who's Who og Whitaker's Almanack. I 2005 kjøpte det også barne- og ungdomsavdelinga til Walker & Co og i 2008 Berg Publishers, John Wisden & Co og Arden Shakespeare.[3] I 2012 kjøpte Bloomsbury Fairchild Books, eit akademisk forlag innan mote og design,[4] og i 2013 blei det eigaren av Hart Publishing Ltd.[3]

Bloomsbury er best kjend for å ha gjeve ut britiske versjonar av Harry Potter-bøkene [5] og har vokse mykje det siste tiåret grunna serien til J.K. Rowling. Bloomsbury var i 1999 og 2000 kåra til Publisher of the Year av den britiske bokbransjen. Det gav også ut Finkler Question av Howard Jacobson, som vann Man Booker-prisen i 2010.

Andre forfattarar knytt til Bloomsbury er Khaled Hosseini, William Boyd, Donna Tartt, Elizabeth Gilbert, John Irving, William Dalrymple, Dava Sobel, Heston Blumenthal og Hugh Fearnley-Whittingstall.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Company», bloomsbury.com
  2. «Contact Us», Bloomsbury Publishing. «50 Bedford Square London WC1B 3DP»
  3. 3,0 3,1 «Corporate history», bloomsbury-ir.co.uk
  4. 4,0 4,1 «About us», bloomsbury.com
  5. Harry Potter-side hos Bloomsbury
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.