Bobby Emmons
Bobby Emmons | |
Fødd | 19. februar 1943 |
---|---|
Fødestad | Corinth |
Død | 23. februar 2015 (72 år) |
Dødsstad | Nashville |
Opphav | USA |
Instrument | orgel, piano |
Verka som | musikar, låtskrivar, pianist |
Bobby Gene Emmons (19. februar 1943–23. februar 2015) var ein USA-amerikansk klaverspelar og låtskrivar. Han ar aktiv som studiomusikar i Memphis i Tennessee for artistar som Elvis Presley, Willie Nelson og mange andre frå 1950-åra. Av songar han skreiv finn ein «Luckenbach, Texas (Back to the Basics of Love)», skriven med Chips Moman og innspelt av Waylon Jennings, og «Love Me Like You Used To», skriven i lag med Paul Davis og innspelt av både Johnny Cash og Tanya Tucker.
Blant innspelingane han deltok på i 1960- og 1970-åra finn ein Elvis Presley sin «Suspicious Minds» og «In the Ghetto», Dusty Springfield sin «Son of a Preacher Man» og Neil Diamond sin «Sweet Caroline». Han spelte òg på mange av albuma og turneane til Willie NElson og turnerte internasjonalt med The Highwaymen.[1][2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bobby Emmons» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: