Suspicious Minds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suspicious Minds
av Mark James
B-side

«A Taste of Heaven»

Språk engelsk
Utgjeve 1968
Innspelt 1968
Lengd 2:47
Selskap Scepter
Komponist Mark James
Tekstforfattar Mark James
Låtskrivar(ar) Mark James
Produsent Chips Moman
Suspicious Minds
Singel av Elvis Presley
B-side

«You'll Think of Me»

Språk engelsk
Utgjeve 26. august 1969
Innspelt 23. januar 1969, American Sound Studio, Memphis i Tennessee
Sjanger Countryrock, soul,[1] Pop[2]
Lengd 4:22
Selskap RCA
Komponist Mark James
Tekstforfattar Mark James
Låtskrivar(ar) Mark James
Produsent Chips Moman og Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
«Clean Up Your Own Backyard»

(1969)

Suspicious Minds «Don't Cry Daddy»

(1969)


«Suspicious Minds» er ein song skriven og først spelt inn av Mark James. Etter at James-innspelinga selde dårleg, vart songen gjeven til Elvis Presley av produsenten Chips Moman, og vart ein av dei mest kjende songane til Presley, då han gjekk til topps i 1969. «Suspicious Minds» vart rekna som singelen som fekk Presley attende i ein suksessrik karriere, etter '68 Comeback Special. Det vart den 18. og siste singelen hans som nådde toppen av singellista i USA. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 91. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Studiogitaristen Reggie Young spelte på både versjonen til James og Presley.

Songen[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om eit mistruisk forhold som fungerer dårleg, og behovet til hovudpersonane om å løyse problema sine.[3] Mark James, som òg var med å skrive «Always on My Mind» (som Presley seinare spelte inn), skreiv songen i 1968[4] og vart først spelt inn og gjeven ut av James på Scepter Records i 1968. Chips Moman bad James om å kome til Memphis å skrive songar for American Sound Studio. På denne tida budde James i Houston. James hadde skrive tre songar som gjekk til topps i Sørstatane. American Sound Studio byrja å få godt rykte i musikkindustrien då Box Tops hadde spelt inn «The Letter» der, så James flytta til Memphis.

James sa at han leika seg ein kveld med gitaren sin, og brukte pedalane på eit hammondorgel for ei basslinje som han syntest danna ein fengande melodi. James var på denne tida gift med den første kona si, men hadde framleis kjensler for barndomskjærasten, som var gift i Houston. Kona til James hadde mistankar om kjenslene hans. James syns det var ei forvirrande tid for han og at alle tre var fanga i ei felle dei ikkje kom seg ut av (som er delar av teksten). Under innspelinga song James solovokal, og studiobandet akkompagnerte han med Moman som produsent. Blåsarar, strykarar og vokal frå Holladay Sisters vart lagt til seinare. Etter at lydbandet var miksa, flydde James og Moman til New York, der manageren til James hadde kontrakt med Scepter Records. Selskapet likte songen særs godt og gav han ut, men Scepter hadde ikkje pengar nok til å marknadsføre nye artistar, og songen selde dårleg.

Seinare på året fortalte Don Cruise, partneren til Moman, til James at Presley hadde bestilt studioet deira for å spele inn det som skulle bli From Elvis in Memphis. Cruise spurte stadig James om han hadde songar som kunne passe Presley. James meinte at Presley trengte ein moden rock and roll-song som kunne føre han attende i rampelyset, sidan Tom Jones var ein heit artist på denne tida. Cruise og James tenkte på «Suspicious Minds» og James byrja å presse på for at Presley skulle få høyre songen.[2] Sjølv om James-innspelinga ikkje hadde seld godt, meinte Presley at han kunne gjere songen til ein hit.[5][6]

Elvis-innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Presley si innspeling i American Sound Studio var ein direkte konsekvens av '68 Comeback Special, som fekk Chips Moman interessert i å produsere innspelinga i den nye stilen til Presley, og få han attende til musikkmiljøet i Memphis med å spele inn rock, gospel, country, rhythm & blues og soul. Marty Lacker, ein nær ven av Elvis, føreslo at han skulle velje dette studioet. Desse innspelingane skapte albumet From Elvis in Memphis.[2]

American Sound Studio-innspelinga[endre | endre wikiteksten]

«Suspicious Minds» vart spelt inn 23. januar 1969 mellom klokka 0400 og 0700 om morgonen. Det tok åtte forsøk å skape songen. Sjølve solovokalen vart lagt til seinare av Presley kvelden etter.[7] James var i Memphis, men var ikkje med på innspelinga. James hadde vore i kontrollrommet eit par dagar tidlegare under ei innspeling og følt at Elvis var ukomfortable med at han var der. James ønskte ikkje å bringe ulukke til songen så han heldt seg unna. Då James høyrde songen dagen etter han vart innspelt, syns han først at han var for langsam. Då han seinare høyrde den meir utbroderte versjonen sa han at han vart blåst bort.[2]

Produksjonen av songen vart nesten skrinlagd over ein krangel om opphavsretten. Folket i songforlaget til Presley, Hill & Range, sa at dei ønskte halvparten av forlagsrettane til Moman. Moman skulda dei for å stele og folket til Elvis truga med å stoppe innspelinga. Harry Jenkins i RCA kom til ei semje med songforlaget fordi dei følte at songen ville bli ein så stor hit at det ville bli nok til alle partar.[2] Songane «I'll Hold You In My Heart (Till I Can Hold You In My Arms)», «Without Love (There Is Nothing)» og «I'll Be There» vart spelt inn under same innspelinga. Den 7. august vart songen igjen overdubba til stereo og mono i Las Vegas, der den endelege masteren vart produsert.[8] Songen er kjend for taktendringa i mellomspelet, frå 4/4 til ein langsamare 6/8 og attende til ein raskare 4/4-takt igjen. Det instrumentale arrangementet består av elektrisk gitar, bassgitar, orgel, strykarar, trompet, trombone og trommer.

Den faste produsenten til Presley, Felton Jarvis, gjorde det uvanlege valet å tone songen ut tidleg, frå 3:36 og 15 sekundar utover, før songen vart tona inn igjen. Det første verset heldt så fram til songen tonar ut ein siste gong. I eit intervju i 2012 med Marc Myers i The Wall Street Journal sa Moman at Jarvis aldri var nøgd med inspelinga til Elvis i American Sound Studio, og sa «det var ein kontrollsak. Så då Jarvis tok lydbandet med 'Suspicious Minds,' la han til denne sprø 15 sekundar lange uttoninga på slutten, som om songen var over, før han tona songen inn igjen. Eg anar ikkje kvifor han gjorde det, men det øydela slutten. Det var som eit arr. Men det tydde ikkje noko. Kort tid etter songen kom ut var Elvis attnde på toppen av listene.»[2]

Den framtidige Grateful Dead-vokalisten Donna Jean Godchaux song korvokal på songen.[9]

Songen vart seinare gjeven ut på legacy-utgåva av «From Elvis in Memphis» og Dream-utgåva av Back In Memphis.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Overdubbing

Utgjeving og framføringar[endre | endre wikiteksten]

Presley framførte først songen i Las Vegas International Hotel (seinare kalla Hilton) den 31. juli 1969, og singelen kom ut 26 dagar seinare. Singelen gjekk til topps i USA i ei veke den 1. november.[11] Det vart den siste singelen til Presley som gjekk til topps i USA før han døydde («The Wonder of You» i 1970, «Way Down» i 1977 og ein posthum remix av «A Little Less Conversation» i 2002 gjekk alle til topps på den britiske singellista).

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969–70) Plassering
Australia Go-Set National Top 40[12] 1
Austerriksk Topp 40[13] 13
Belgisk Ultratop Singles[13] 1
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 3
Canada RPM Top 100 1
Nederlandsk MegaChart Top 40[13] 4
Irish Singles Chart[14] 2
Norske VG-lista[13] 10
Den britiske singellista 2
US Adult Contemporary (Billboard)[15] 4
U.S. Billboard Hot 100 1
Vest-Tyskland Media Control Singles[13] 7

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé
Italia (FIMI)[16] Gull
USA (RIAA)[17] Platina

Fine Young Cannibals-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Suspicious Minds
Singel av Fine Young Cannibals
frå albumet Fine Young Cannibals
B-side

«Prick Up Your Ears»

Språk engelsk
Utgjeve 2. januar 1986
Innspelt 1985 med korvokal av Jimmy Somerville
Sjanger Pop
Lengd 3:58
Selskap London, I.R.S.
Komponist Mark James
Tekstforfattar Mark James
Låtskrivar(ar) Mark James
Produsent Robin Millar
Fine Young Cannibals-kronologi 
«Blue»

(1985)

Suspicious Minds «Funny How Love Is»

(1986)


I 1986 spelte bandet Fine Young Cannibals inn ein versjon av songen, med Jimmy Somerville på korvokal. Denne nådde åttandeplassen på den britiske singellista.

Musikkvideoen til Fine Young Cannibals vart filma i svartkvitt, men brukte nyskapande bruk av fargar under mellomspelet av songen. Videoen var ei hyllest til Elvis, både med svatkvitfilminga og dei prangande kleda som bandet har på i andre halvdel av videoen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Den belgiske singellista (Flandern) 22
Canada Top Singles (RPM)[18] 21
Den nederlandske singellista 21
New Zealand Singles Chart 14
Den britiske singellista 8

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Fine Young Cannibals-versjonen vart nytta i to kultfilmar regissert av Albert Pyun. Den førte var i 1986 med action/thriller-filmen Dangerously Close og så i thriller-filmen Down Twisted i 1987.

Dwight Yoakam-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Suspicious Minds
Singel av Dwight Yoakam
frå albumet Honeymoon in Vegas
Språk engelsk
Utgjeve 1992
Sjanger Country
Lengd 3:51
Selskap Epic
Komponist Mark James
Tekstforfattar Mark James
Låtskrivar(ar) Mark James
Produsent Pete Anderson
Dwight Yoakam-kronologi 
«Send a Message to My Heart»
(1992)
Suspicious Minds «Ain't That Lonely Yet»
(1993)


I 1992 spelte countryartisten Dwight Yoakam inn sin versjon av songen for filmen Honeymoon in Vegas.[19] Denne kom seinare ut på samlealbumet The Very Best of Dwight Yoakam.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[20] 51
US Country Songs (Billboard)[21] 35

Gareth Gates-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Long and Winding Road / Suspicious Minds
Singel av Will Young / Gareth Gates
frå albumet From Now On / What My Heart Wants to Say
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 2002
Innspelt 2002
Sjanger Pop
Lengd 3:52
Selskap BMG
Komponist Mark James
Tekstforfattar Mark James
Låtskrivar(ar) Mark James
Produsent Stephen Lipson, Steve Mac
Will Young / Gareth Gates-kronologi 
«Anyone of Us (Stupid Mistake)»

(2002)

The Long and Winding Road / Suspicious Minds «What My Heart Wants To Say»

(2002)


Gareth Gates, som kom på andreplass i den første Pop Idol-serien i Storbritannia, gav ut ein versjon av songen i 2002. Singelen var ei dobbel A-side med «The Long and Winding Road», framført av Will Young, som vann konkurransen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singeleln nådde toppen av UK Singles Chart der han låg i to veker.

Liste (2002) Plassering
Den britiske singellista 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Dee Dee Warwick, syster til Dionne, spelte «Suspicious Minds» medan Elvis Presley-versjonen framleis låg på listene. Warwick-versjonen vart ein mindre hit i USA og nådde 80. plassen i 1970. Denne nådde 24. plassen på Billboard R&B-lista den 8. mai 1971.[22]

B.J. Thomas spelte inn songen i 1969 på albumet Raindrops Keep Fallin' on My Head.

Waylon Jennings og Jessi Colter spelte inn songen for RCA i 1970. Versjonen deira nådde 25. plassen på Billboard country-lista i november det året. Jennings-Colter-versjonen vart gjeven ut på ny i 1976 og nådde då andreplassen og var med på albumet Wanted! The Outlaws same året.

Den jamaicanske rocksteady- og reggae-trioen The Heptones gav ut ein versjon av songen i 1971.

Songaren Judy Cheeks gav ut ein versjon i 1978 på albumet Mellow Lovin'.

Songaren Ronnie McDowell song songen i 1979 for filmen ELVIS (med skodespelaren Kurt Russell, som Elvis, som mimar til songen i filmen).

Candi Staton nådde 31. plassen i Storbritannia med songen i 1982.

Bobby Orlando gav ut ein Hi-NRG-versjon av songen i 1988.

Phish spelte songen på konsertane sine fleire gonger i 1995 og 1996,[23] og eit opptak finst på albumet Vegas 96.

I 1996 gav Bowling for Soup ut ein versjon på albumet Cell Mates.

I 1997–98 framførte U2 ofte songen som ein karaoke-versjon sungen av The Edge under Popmart-turneen.

I 2002 spelte No Doubt songen på NBC-sendinga «Elvis Lives».[24]

I 2004 gav Pete Yorn ut eit konsertopptak av songen på dobbeltalbumet Live from New Jersey.

I 2006 gav pop-punk-gruppa Avail ut ein versjon av songen på albumet Over the James.[25]

I 2007 gav den greske songaren Sakis Rouvas ut «Suspicious Minds» på konsertalbumet «This is My Live», men hadde òg spelt inn songen tidlegare for den greske filmen Alter Ego.

I mars 2009 gav Miss Kittin og The Hacker ut «Suspicious Minds» for abumet Two,[26] med musikkvideo regissert av Régis Brochier frå 7th floor Productions.[27]

I 2009 gav Rusted Root ut sin versjon på Stereo Rodeo.

I 2009 spelte den sørafrikanske songaren Steve Hofmeyr ein versjon inn for albumet Tribute,[28] medan ein annan sørafrikansk songar, Ray Dylan, gav ut sin versjon på albumet Goeie Ou Country Vol. 2.[29]

The Bourbon Cowboys, spelte inn songen for Starcraft II: Wings of Liberty. Songen er ein av få lisensierte songar ein kan høyrepå jukeboksen som dukkar opp mellom oppdraga. Blizzard gav ut songen på albumet Revolution Overdrive: Songs of Liberty.

Rockbandet Glasvegas med Florence Welch frå Florence and the Machine framførte songen under NME Awards i 2009.

Clay Aiken spelte inn songen i 2010 på albumet Tried and True.

Amanda Lear spelte inn songen i 2014 på hyllestalbumet til Elvis Presley, My Happiness. Ein versjon vart korta ned til ein singel.[30]

Martina McBride spelte inn songen i 2014 på albumet Everlasting.

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

«Suspicious Minds» har òg blitt omsett til mange andre språk. Han vart framført på nederlansk som «Door achterdocht verdoofd» av Guido Belcanto på albumet Elvis Belgisch i august 1992. I 1997 vart ein italiensk versjon spelt inn av Luciano Ligabue med tittelen «Ultimo tango a Memphis» og gjeven ut på albumet Su e giù da un palco.[31]

Den italienske songaren Gianni Morandi hadde ein versjon kalla Che Cosa Dirò med omsetjingar som 'What Shall I Say'.

I 2008 gav det italienske bandet Elio e le Storie Tese ut singelen «Ignudi fra i nudisti» med ei baklengs innspeling av «Suspicious Mind»[32]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Suspicious Minds - Elvis Presley». AllMusic. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Myers, Marc (30. august 2012). «Caught in a Trap: Elvis Presley's Last No. 1 Hit, Suspicious Minds | Anatomy of a Song - WSJ.com». Online.wsj.com. Henta 29. desember 2016. 
  3. The Chicana/o Cultural Studies Reader - Google Boeken. Books.google.com. Henta 29. desember 2016. 
  4. Awful Gestures - Adrienne Weiss - Google Boeken. Books.google.com. Henta 29. desember 2016. 
  5. «Suspicious Minds av Elvis Presley Songfacts». Songfacts.com. Henta 29. desember 2016. 
  6. 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets ... - Toby Creswell - Google Boeken. Books.google.com. Henta 29. desember 2016. 
  7. Introducing Elvis – IT Chapter 1 page 21 – media.wiley –
  8. «Solid Gold Spotlight: Suspicious Minds». About.com. Henta 29. desember 2016. 
  9. «Grateful Dead Family Diskografi: Donna Jean Godchaux Diskografi». Deaddisc.com. Henta 29. desember 2016. 
  10. Jones, Ruben, Memphis Boys:The Story of American Studios, University Press of Mississippi, Jackson, 2010 s. 213
  11. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
  12. «Go-Set Australian charts—10. januar 1970». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 29. august 2016. Henta 12. august 2016. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Elvis Presley—Suspicious Minds». dutchcharts.nl. Henta 12. august 2016. 
  14. «Search Charts > Search by Song Title > Suspicious Minds». irishcharts.ie. Henta 12. august 2016. 
  15. "Presley?f=341&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Elvis Presley. Prometheus Global Media.
  16. «Italian single salstrofé – Elvis Presley – Suspicious Minds» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 12 January 2015.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Elvis Presley in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  17. «American single salstrofé – Elvis Presley – Suspicious Minds». Recording Industry Association of America. Henta 12 January 2015.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  18. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 29. desember 2016. 
  19. «Videos : Dwight Yoakam : Suspicious Minds». CMT. Henta 29. desember 2016. 
  20. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 26. desember 1992. Retrieved 15. august 2013.
  21. "Yoakam?f=357&g=Singles Dwight Yoakam Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Dwight Yoakam. Prometheus Global Media.
  22. Joel Whitburn, Top R&B Singles 1942-2004, Billboard . Wisconsin 2004
  23. «Suspicious Minds Every Time Played - Phish.net». Henta 29. desember 2016. 
  24. «Britney, Bono, No Doubt to Bow Down to King on TV Special». Henta 29. desember 2016. 
  25. «Over The James [Explicit Lyrics] MP3 Downloads». Amazon.com. Henta 29. desember 2016. 
  26. «Miss Kittin And The Hacker* - Two (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 29. desember 2016. 
  27. «Miss Kittin The Hacker : Suspicious Mind clip – 7th floor». 7th floor. 5. juni 2009. Henta 27. februar 2011. [daud lenkje]
  28. «Tribute – Steve Hofmeyr – Listen and discover music at». Last.fm. 26. november 2013. Henta 29. desember 2016. 
  29. Ray Dylan (1. november 2010). «Ray Dylan, Goeie Ou Country - Vol.2, CDs, Musica A World awaits - 6005298030511». Musica.co.za. Henta 29. desember 2016. 
  30. «Suspicious Minds - Amanda Lear». www.allmusic.com. Henta 29. desember 2016. 
  31. «Original versions of Suspicious Minds written by Mark James». SecondHandSongs. Henta 29. desember 2016. 
  32. «Elio e le Storie Tese - Suspicious mind». youtube.com. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]