Bode-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solarsystemskjema som syner planetbanane som heiltal, der avstanden frå sola til Neptun er normalisert til 100.

Bode-lova eller Titius-Bode-lova er ein empirisk regel for avstanden til planetane frå sola. Ho vart stilt opp av Johann Daniel Titius i 1766 og gjort kjent av Johann Elert Bode gjennom den særs utbreidde boka hans Anleitung zur Kenntnis des gestirnten Himmels (1772). Middelavstanden frå sola (med avstanden til jorda som eining) er gjeven ved 0,4+0,3·2n, når ein for planetane, i aukande avstand frå sola gjev n-verdiene −∞, 0, 1, 2,...; n = 3 svarer til ein planet mellom Mars og Jupiter (asteroidane). Regelen gjeld ikkje for Neptun og Pluto. Då han vart oppstilt, var ikkje asteroidane, Uranus, Neptun og Pluto enno oppdaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]