Planeten Neptun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Neptun
Neptun frå Voyager 2
Oppdaging
Oppdaga av Urbain Le Verrier
John Couch Adams
Johann Galle
Oppdaga dato 23. september  1846
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 4 498 252 900 km
30,06896348 AE
Banens omkrins 28,263 milliardar km
188,925 AE
Eksentrisitet 0,00858587
Perihel 4 459 631 496 km
29,81079527 AE
Aphel 4 536 874 325 km
30,32713169 AE
Omløpsperiode 60 224,9036 d
(164,89 år)
Synodisk periode 367,49 d
Gjennomsnittleg banefart 5,432 km/s
Maks. banefart 5,479 km/s
Min. banefart 5,385 km/s
Banehelling 1,76917°
(6,43° til solas ekvator)
Lengda til
oppstigande knute
131,72169°
Perihelargument 273,24966°
Talet på satellittar 13
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 49 528 km [1]
(3,883 · jordas)
Diameter over polane 48 681 km
(3,829 · jordas)
Flattryktheit 0,0171
Overflateareal 7,619·109 km2
(14,937 · jordas)
Volum 6,2526·1013 km3
(57,723 · jordas)
Masse 1,0243·1026 kg
(17,147 · jordas)
Snitt tettleik 1,638 g/cm3
Ekvatorial tyngdekraft 11,00 m/s2
(1,122 G)
Unnsleppingsfart 23,5 km/s
Rotasjonsperiode 0,67125000 d (16 t 6 min 36,00000 s) [2]
Rotasjonsfart 2,68 km/s = 9660 km/t (ved ekvator)
Aksehelling 28,32°
Rektasensjonen
til nordpolen
299,33° (19 t 57 min 20 s)
Deklinasjon 42,95°
Albedo (refleksjonsevne) 0,41
Overflatetemp.
min snitt maks
50 K 53 K ukjend
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 100-300 kPa
Hydrogen >84%
Helium >12%
Metan 2%
Ammoniakk 0,01%
Etan 0,00025%
Acetylen 0,00001%

Neptun (symbol ♆) er den åttande planeten frå sola og den ytste av dei fire store gassplanetane. Han vart oppdaga i 1846. Namnet er teke frå den romerske havguden. I åra 1979–1999 var Neptun lenger ut enn dvergplaneten Pluto. Det skuldast at Pluto (som vanlegvis er lenger ute) går i ein særs langstrakt bane, og denne banen kryssar dermed banen til Neptun.

Med ein maksimal lysstyrke på 7,8 er ikkje Neptun synleg med det blotte auga, men synest i teleskop som ei lita, djupt blå skive. Neptun har ein ekvatordiameter på 49 528 km og inneheld 17 147 jordmassar. Middelavstanden frå sola er 30,06 jordbaneradiar. Det er observert eit svakt magnetfelt rundt Neptun. Kunnskapane våre om planeten skuldast i stor grad observasjonar av den amerikanske romsonden Voyager 2, som flydde nær opptil Neptun i august 1989. Fleire av bileta som Voyager 2 tok, viste ein stor mørk flekk som i storleik kunne minne om den raude flekken på Jupiter. Men denne mørke flekken er ikkje ein storm som på Jupiter, men heller eit område med anna atmosfæresamansetting. Da romteleskopet Hubble vart retta mot Neptun i 1994 hadde den mørke flekken forsvunne. Til gjengjeld var det ein tilsvarande flekk ein annan stad på planeten.

Neptun liknar mykje på Uranus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Neptun vart oppdaga i 1846 av Johann Galle etter rettleiing av Urbain Le Verrier, som rekna ut plasseringa til planeten på grunn av uregelmessig rørsle i banen til Uranus. Ei uavhengig utrekning av gjort av John Couch Adams.

Indre struktur[endre | endre wikiteksten]

Den avgrensa kjennskapen til det indre av Neptun er basert på modellutrekningar på grunnlag av målingar av samansetjinga til atmosfæren, storleiken, forma, rotasjonen, massen og gravitasjonsfeltet til planeten. Ein trur at planeten har ein liten kjerne av silikat, omgjeve av ei blanding av silikat og vassis og hydrogen og helium lengst ute. Planeten har inga fast overflate. Planetskiva som framtrer i teleskop, er ei avbilding av det øvste atmosfærelaget.

Atmosfæren[endre | endre wikiteksten]

Spekteret til Neptun syner breie band frå hydrogen og metan, som er årsaka til den karakteristiske, djupe blåfargen til planeten. Voyager 2 avbilda ein stor, mørk flekk som minnar om den store raude flekken på Jupiter, både i storleik i forhold til planeten og plasseringa på den sørlege halvkula. Romsonden avbilda dessutan fleire mindre, lyse flekkar, som flytta seg med relative snøggleikar på opp til 500 m/s, og ein bandstruktur som på Jupiter og Saturn. Nokre av desse atmosfæredetaljane er seinare påvist med hjelp av Hubble-teleskopet.

Ringar og månar[endre | endre wikiteksten]

Fotografi av planeten Neptun i naturlege fargar.

Voyager 2 avslørte òg nokre svake ringar rundt Neptun. Den ytste ringen inneheld tre fortetta ringbogar, som faktisk var påvist i bakketeleskop ved at dei okkulterte stjerner som låg bakom. Neptun har 13 kjende månar, og åtte av desse har fått namn. Seks av månane vart oppdaga av Voyager 2. Den mest forbløffande avsløringa til romsonden var månen Triton, som synte eit frose isaude på den nordlege halvkula, og aktive geysirar i sørpolområdet. Av dei siste oppdaga månane, som er særs små, vart tre funne i 2003 ved hjelp av teleskop i Chile og på Hawaii. Nordmannen Tommy Grav var medoppdagar av månane.

Neptun har éin stor måne:

I tillegg har han 12 små satellittar. Somme av desse går i bane same vegen som planeten roterer, og somme går i motsett retning. Dei satellittane (i tillegg til Triton) som har fått endelege namn, er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aksnes, Kaare. (31. mars 2016). Neptun: planet. I Store norske leksikon. Henta 2. juli 2016 frå https://snl.no/Neptun%2Fplanet.

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.