Bode Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bode Miller
Bode Miller Hinterstoder 2011.jpg
Fødd 12. oktober 1977
Easton
Yrke alpinist, sjølvbiograf
Bode Miller på Commons

Samuel Bode Miller (fødd 12. oktober 1977) er ein USA-amerikansk alpinist frå Franconia i New Hampshire som vann verdscupen i alpine greiner i 2005 og 2008. I åra frå 2002 til 2014 har han vunne 11 medaljar i ulike olympiske leikar og alpine verdsmeisterskap, av desse fire VM-gull og eitt OL-gull. Han er den mestvinnande alpinisten frå USA nokon gong. Miller er ein av eit fåtal alpinistar som har vunne verdscuprenn i alle fem greinene.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Miller fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2002-sesongen. Tidleg i desember 2001 vann han sine to fyrste renn i verdscupen, i to etterfylgjande dagar og i to ulike greiner og to ulike land (Frankrike og Italia). Han tok to sølvmedaljar under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City; i høvesvis storslalåm og i kombinasjonen.

I sesongen etter OL-sesongen tok Miller andreplassen i verdscupen i alpine greiner, like bak austerrikaren Stephan Eberharter. Miller vart så den fremste utøvaren under alpint-VM 2003 i St. Moritz med sine to gullmedaljar i storslalåm og kombinasjon, og den eine sølvmedaljen i super-G.

Gjennom 2005-sesongen viste Miller seg som den beste alpinisten i verda. Sigeren i verdscupen vart krona med at Miller vart den andre alpinisten som vann minst eitt renn i kvar av dei fire standard-øvingane; slalåm, storslalåm, super-G og utfor, 16 år etter Marc Girardelli som representerte Luxembourg vart den fyrste som greidde det. Ved VM i alpine greiner 2005 vann Miller gullmedaljane i både super-G og utfor.

Miller vart utan medaljar i både Vinter-OL 2006 og VM i alpine greiner 2007. Han kom sterkt tilbake i 2008-sesongen og vann den alpine verdscupen for andre gong på fire sesongar. Frå desember 2001 til desember 2011 vann han 33 renn i verdscupen, den siste renntriumfen kom i utfor i Beaver Creek i heimlandet.

Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vann Miller medaljar i alle tre valørar; gull i kombinasjonen, sølv i super-G og bronse i utfor. Han sikra seg si sjette OL-medalje då han kom på tredjeplassen i super-G-tevlinga i Sotsji-OL i 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar