Bohdan Bondarenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bohdan Bondarenko
Bohdan Bondarenko Moscow 2013.jpg
Fødd 30. august 1989 (32 år)
Kharkiv
Yrke høydehopper, friidrettsutøvar
Bohdan Bondarenko på Commons

Bohdan Viktorovytsj Bondarenko[a] (fødd 30. august 1989) er ein ukrainsk høgdehoppar som vart verdsmeister i øvinga i 2013 og europameister i 2014.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bondarenko vart juniorverdsmeister i polske Bydgoszcz i 2008 med eit hopp på 2,26 m. Fram til 2012 hadde han forbetra den personlege rekorden til 2,31 m. I 2013-sesongen hadde han stor framgang; i slutten av juni forbetra han seg til 2,36 m i Birmingham og mindre enn ei veke seinare til heile 2,41 m i Lausanne. Under verdsmeisterskapen i Moskva kopierte han prestasjonen i Lausanne og vann VM-gullet.

Under Diamond League-stemnet i New York i juni 2014 tangerte Bondarenko den 27 år gamle europarekorden til Patrik Sjöberg, lydande på 2,42 m. Midt i august månad vann han høgdetevlinga under friidretts-EM i Zürich med eit bestehopp på 2,35 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2013 i Moskva: Gullmedalje i høgdehopp - 2,41 m, framom Mutaz Essa Barshim (2,38 m)
  • EM 2014 i Zürich: Gullmedalje i høgdehopp - 2,35 m, framom Andrij Protsenko (2,33 m)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrainsk skrift Богдан Вікторович Бондаренко

Kjelder[endre | endre wikiteksten]