Birmingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Birmingham

Frå øvst til venstre: Birmingham City Centre frå vest; Selfridges i Bull Ring; Birmingham Town Hall; St Philip's Cathedral; University of Birmingham; Alpha Tower.
Frå øvst til venstre: Birmingham City Centre frå vest; Selfridges i Bull Ring; Birmingham Town Hall; St Philip's Cathedral; University of Birmingham; Alpha Tower.
Kallenamn
««Brum», «Brummagem», «The Second City», «City of a thousand trades», «Workshop of the World»»
Motto
«Forward»
(Framover)
Plassering
Birmingham is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Midlands
Grunnlagd 500-talet
Borgarmeister Len Gregory
Geografi
Flatevidd
 - By

267,77 km²
Innbyggjarar
 - By (2008 est.)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 016 800
  3 797,3 /km²
2 284 093
Koordinatar 52°28′59″N 1°53′37″WKoordinatar: 52°28′59″N 1°53′37″W
Høgd over havet 140 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer B
Telefon-retningsnummer 0121
Nettstad: www.birmingham.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Birmingham

Birmingham er den nest største byen i England med kring ein millionar innbyggjarar. Han ligg i det seremonielle grevskapet West Midlands, og er administrasjonsby for |regionen Vest-Midlands. Byen er ei sameint styresmakt. Tek ein med omkringliggande byar, som i praksis er forstader til Birmingham, er folkesetnaden rundt 2,2 millionar.

Byen går ofte under kallenamnet Brum, og dialekten som blir snakka der kallast Brummie. Eit eldre, lokalt namn på byen er Brummagem.

Birmingham

Birmingham har ein av dei mest etnisk og kulturelt blanda folkesetnadane i Storbritannia. Det er store grupper frå Vestindia og India, og ei stor gruppe frå Irland, og dessutan mange innslag av menneske frå andre delar av verda. Paraden til byen på St. Patricks dag er den tredje største i verda, etter New York og Dublin.

Det er omkring 60 km med kanalar innanfor bygrensa, og dei fleste av dei er enno farbare. Kanalane var sentrale i veksten til byen under den industrielle revolusjonen. Det blir ofte nemnt at Birmingham faktisk har fleire kilometer med kanalar enn Venezia; det er korrekt, men ei urettferdig samanlikning då Birmingham er ein særs mykje større by.

Byen er mellom anna kjend for fotballklubbane Aston Villa F.C. og Birmingham City F.C..

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var busett i romersk tid, og det gjekk fleire romerske vegar dit. Han var då først og fremst ein militærgarnison.

I angelsaksisk tid var Birmingham ein liten landsby. Den første skriftlege kjelda som nemner han er Domesday Book (1086).

1100-talet vart landsbyen ein kjøpstad, og innan 1600-talet hadde han vorte ein viktig produksjonsstad. Han var særleg kjent for produksjon av handvåpen. Mykje av våpna til styrkane til Oliver Cromwell under borgarkrigen vart laga i Birmingham.

Under den industrielle revolusjonen naut byen godt av kol- og jernførekomstar i nærleiken, og dessutan at det allereie fanst mykje god arbeidskraft. Han kunne difor vekse til eit stort industrisenter. På byrjinga av 1800-talet vart Birmingham sentrum i det britiske kanalnettverket, og seinare i jernbanenettverket.

I viktoriansk tid voks folkesetnaden til over ein halv million, og byen vart dermed den nest største i Storbritannia. Han fekk status som city i 1889.

Under andre verdskrigen vart byen kraftig bomba, og sentrum måtte difor renoverast og gjenoppbyggast i 1950- og 1960-åra. Birmingham vart etter dette ofte skildra som ein «betongjungel», og vart jamt over omtalt som ein stygg by.

I seinare år har sentrum vorte grundig renovert, blant anna med små grøne lunger, restaurering av gamle gater, bygningar og kanalar, og fjerning av upopulære fotgjengarundergangar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Birmingham