Hopp til innhald

Bohêmbud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bohemens ni bud)

«Bohêmbud», eller «Bohêmens ni bud», er eit ofte sitert tekststykke knytt til Kristianiabohemen:[1][2]

  1. Du skal skrive dit eget liv.
  2. Du skal overskjære dine familjerødder.
  3. Man kann seine Eltern nie schlecht genug behandeln. [Ein kan aldri handsame foreldra sine dårleg nok.]
  4. Du skal aldri slaa din næste for mindre enn fem kroner.
  5. Du skal hade og foragte alle bønder, saasom: Bjørnstjerne Bjørnson, Kristo-fer Kristo-fersen og Kolbenstvedt.
  6. Du skal aldri bære celluloidmansjetter.
  7. Aflad aldri med at gjøre skandale i Chria. theater.
  8. Du skal aldri angre.
  9. Du skal ta live a dei.

Stykket stod i bladet Impressionisten nr. 8 i februar 1889 og er kreditert til Hans Jæger. Det er rett nok mogleg at utgjevarane, Johan Collett Michelsen og Oda og Christian Krohg, sjølve skreiv teksta som ein parodi på Jæger, som dei var i krangel med på den tida.[3][4]

  1. Bindin, Paul. 2006. With Vine-leaves in His Hair: The Role of the Artist in Ibsen's Plays. Norwich: Norvik Press, s. 104.
  2. Svanholm, Lise. 2001. Malerne på Skagen. København: Gyldendal, s. 105.
  3. Bjørnstad, Ketil. 2001. Jæger: en rekonstruksjon. Oslo: Aschehoug, p. 550.
  4. Thorvik, Arne. 2013. Du skal ta live a dei. Om Kristiania-Bohêmen og suicid. Suicidologi 18(3): 30–35.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]