Christian Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå og Christian Krohg (fleirtyding)
Christian Krohg
Christian Krogh (cropped).jpg
Foto: Martin Finborud
Fødd 13. august 1852
Bydel Vestre Aker
Død

16. oktober 1925
Oslo

Sjanger portrett

Christian Krohg (13. august 185216. oktober 1925) var ein norsk målar, forfattar og journalist.[1] Han vert halden for å vere ein av dei største norske biletkunstnarane og han var den viktigaste kunstnaren innan naturalismen i Noreg.

«Oda Krohg», 1886
«Kampen for tilværelsen»
Albertine i politilægens venteværelse, 1885–87, 211x326 cm. Olje på lerret i Nasjonalgalleriet

Krohg var fødd i Oslo. Då han reiste til Tyskland for å studere kunst i 1874, var han allereie utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Krohg studerte fyrst i Karlsruhe og så i Berlin. Han blei ein av skagensmålarane, og gjennom opphalda sine på Skagen, dit han kom fyrste gong i 1879, fekk han arbeide saman med målarar som Peder Severin Krøyer, og Anna og Michael Ancher. Dei påverka alle kvarandre og fleire av dei beste måleria hans vart til i Skagen.

Krohg var sterkt inspirert av tenkjarar innan realismen og valde motiv frå kvardagslivet og bileta kunne ofte skildre urett eller sosial naud. Særleg kjend er måleriet Albertine i politilægens venteværelse, som gjengjev ein scene frå hans eigen roman, Albertine frå 1886. Boka skildrar prostitusjon og vakte stor oppsikt og vart inndregen av politiet.

Krohg var også journalist i Verdens Gang (1890—1910), og professor og direktør ved Statens kunstakademi (1909—25). I perioden 1901 til 1909 budde han med familien i Paris.

Krogh var son av Georg Anton Krohg.[1] Han var gift med Oda Krohg og far til Nana Krohg Schweigaard og Per Krohg.[2][3]

Nasjonalgalleriet i Oslo har mange viktige verk av Christian Krohg, mellom anna Albertine i politilægens venteværelse og Kampen for tilværelsen. Han er også godt representert ved andre norske museum og ved musea i Skagen, København, Stockholm, Malmö og Göteborg.

Christian Krohg ligg gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Christian Krohg». Norsk kunstnerleksikon. Henta 31. mai 2018. 
  2. «Christian Krohg». Norsk biografisk leksikon. Henta 31. mai 2018. 
  3. «Nana Krohg Schweigaard». Norsk kunstnerleksikon. Henta 31. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christian Krohg