Boil-up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For den beliziske retten, sjå bile-up.
Boil-up i ei skål.

Boil-up er ein newzealandsk rett som særleg er knytt til maorikultur.[1]

Det er ei stuing eller tjukk suppe som tradisjonelt blir laga i ein jordomn kalla hāngi, men i nyare tid gjerne blir kokt i ei stor gryte. Ein kan bruka ei rekkje ulike ingrediensar som grisekjøt eller -bein, grønsaker som pūhā (dylle), kūmara (raud søtpotet), kamokamo (graskar), gulrot, kål, potet og engelskkarse.[2][3]

Måltidet blir kokt på låg varme i fleire timar. Mot slutten av koketida tilset ein deigballar (doughboys).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «boil-up». The Oxford Dictionary of New Zealandisms. Oxford University Press. 2010. (krev abonnement). 
  2. «New Zealand Māori Boil Up». Ethnic Foods R Us. 
  3. «Boil Up». Senior Chef. 2014. 
  4. Katy Power (23. august 2011). «Kids cook a traditional Maori boil-up». stuff.co.nz.