Kampsport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taekwondoutøvaren Maria Nelly Chacin.
Umar Khan, pakistansk stuntmann og kampsportkoreograf, utfører eit flygespark.

Kampsport eller kampkunst er ei samlenemning på systematisert kamp mellom to eller fleire personar. Oftast foregår kampaktivitetane utan bruk av moderne våpen. Ein kan studere kampsport for sjølvforsvar, sjølvutvikling, mental trening og fysisk trening.

Ulike kampaktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Kampaktevitetar kan nytte ulike teknikkar som gripeteknikkar, kasteteknikkar, låseteknikkar, slag, spark og bruk av våpen. Her følgjer ei liste over ein del kampaktevitetar gruppert etter kva teknikkar som er mest framtredande for akteviteten. Det er også oppgjeve kvar akteviteten har opphavet sitt.

Mjuke kampaktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Mjuke kampaktivitetar legg i hovudsak vekt på kaste og låseteknikk.

  • Aikido: Japansk, søkjer harmoni, kasteteknikk, låseteknikk, trevåpen (stav, sverd, kniv)
  • Brazilian jujutsu: Brasiliansk, grepsteknikk, oftast i liggjande eller sittjande stilling
  • Bryting: Finst i mange former frå heile verda. Grepsteknikk, låseteknikk
  • Glima: Islandsk bryting i ståande stilling
  • Hapkido: Koreansk kasteteknikk, låseteknikk, slag, spark, våpen (stav, sverd, tau)
  • Judo: Japansk, kasteteknikk, låseteknikk
  • Jujutsu (også jiujitsu): Japansk, kasteteknikk, låseteknikk, slalg, spark, noko våpenbruk
  • Ninjutsu eller ninja: Japansk, grepsteknikk, våpen, kamuflasje
  • Sambo: Russisk bryting
  • Shuai jiao: Kinesisk bryting
  • Sumo: Japansk bryting i ståande stilling

Harde kampaktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Harde kampaktivitetar nyttar slag og spark.

  • Boksing: Gresk/europeisk kamp med polstra nevar
  • Capoeira: Brasiliansk kampdans grunnlagt av slavar
  • Karate eller karate-do: Asiatisk, slag/spark/albogestøyt/knestøyt, ingen våpen
  • Kickboxing: USA, neveslag som boksing og spark som i karate
  • Kung fu: Kinesisk, slag/spark, eterliknar åtak frå dyr
  • MMA (Mixed Martial Arts)
  • Muay-thai: Tailandsk boksing med spark og knestøyt
  • Qwan ki do: Vietnamesisk, hand-/fotteknikk, hopp, etterliknar åtak frå dyr, våpen som sverd og knivar
  • Savate: Fransk boksing med spark
  • Silat eller pencak silat: Sørasiatisk, slag/spark, etterlikanr åtak frå dyr
  • Taekwondo (også Tae Kwon Do, Taekwon-Do, Tae Kwon-Do): koreansk, slag/spark
  • Vale tudo: Brasiliansk, kamp utan våpen som følgjer minimale reglar
  • Wing Chun: Kinesisk, spesielt aggressiv nærkamp

Våpen[endre | endre wikiteksten]

Fekting i Tyskland (1941).

Enkelte kampaktivitetar nyttar i hovudsak våpen.

Asiatiske kampaktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Asiatiske kampaktivitetar vert gjerne delt inn i desse kategoriane etter opphavslandet:

Tradisjonelle asiatiske kampaktivitetar har ofte namn som endar på -jutsu (kunst). Moderne asiatiske kampaktivitetar, som i hovudsak har fått si noverande form på 1900-talet, har ofte namn som endar på -do (veg).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kampsport