Bolsjevisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bolsjevisme er eit anna og tidlegare mykje bruka namn på den politiske retninga vi elles kallar kommunisme. Bolsjevismen oppstod som ei fløy av det russiske sosialdemokratiske partiet heilt først på 1900-talet, under leiing av Vladimir Lenin. Opphavet til ordet bolsjevisme og ordet bolsjevik for ein tilhengar av bolsjevismen er det russiske ordet bolsjinstvo, som betyr fleirtal. Lenin sine tilhengarar fekk nemleg fleirtal ved vala til dei leiande organa i det russiske sosialdemokratiske partiet og partiavisa på landsmøtet i London i 1903.