Vladimir Lenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lenin saman med Stalin i 1919
For anna bruk av etternamnet, sjå Namnet Lenin

Vladimir Iljitsj Lenin (22. april 187021. januar 1924), russisk Владимир Ильич Ленин, eigentleg etternamn Uljanov (Ульянов), var grunnleggjaren av den moderne kommunismen og den sovjetiske staten. På Karl Marx si tid og frametter blei omgrepa sosialistisk, kommunistisk og sosialdemokratisk ofte bruka om kvarandre, men frå og med Lenin er kommunisme ei særskild retning i politikken.

Vladimir Lenin blei fødd i Russland i 1870. Det eigentlege etternamnet hans er Uljanov, og Lenin er eit pseudonym han bruka fordi sosialistiske rørsler var ulovlege i det gamle Russland. Lenin blei leiaren for bolsjevikane, den eine hovudfløya i det russiske sosialdemokratiske partiet. Den andre hovudfløya blei kalla mensjevikar, og der var Julius Martov ein av leiarane. Det var bolsjevismen eller leninismen som blei grunnlaget for den moderne kommunismen. Bolsjevikfløya braut etter kvart med dei andre sosialdemokratane, og bruka frå 1918 namnet kommunistisk om partiet sitt.

Bolsjevikane tok makta i Russland i oktober/november 1917. Lenin stod i brodden for denne maktovertakinga, etter at han hadde komme tilbake til Russland frå eksil i utlandet. Statsmakta skulle no byggjast på arbeidarråda (sovjeta), men i løpet av borgarkrigen 1918-1920, som også vestlege land blanda seg inn i, mista desse råda mykje av makta si. Etter at både andre sosialistiske parti og organiserte fløyer i kommunistpartiet blei forbodne, låg heile den reelle makta i den nye sovjetstaten i leiinga for kommunistpartiet. Lenin var likevel tilhengar av eit visst fritt ordskifte innanfor partiet, men etter at han døydde i 1924, og Josef Stalin gradvis tok all makt i parti og stat, blei det slutt på dette. Då blei det politiske politiet bruka mot opposisjonen i partiet, der Lev Trotskij var ein leiande figur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Lenin