Bombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
USA-bombefly under Koreakrigen.

Bombe er nemninga på gjenstandar laga som ein hol lekam av metall eller anna, fylt med stoff som er meint for å drepe menneske, øydelegge bygningar, transportmiddel og anna ved å eksplodere på utpeikte stader. Bomber kan vere fylt med til dømes høgeksplosivt sprengstoff, kjernefysisk sprengladning, giftig gass, brennbart materiale som er vanskeleg å slokke, stoff som gjev mykje røyk. For å få bombene til å eksplodere i rett tid, vert det nytta ulike utløysingsmekanismar som til dømes lunte, fjernstyrte innretningar, tidsur og anna. For bomber som vert sleppte frå fly, kan det nyttast mekanismar som får bomba til å gå av når ho råkar målet.

Ordet bombe vert nytta om både militære våpen, og om ulike former for sprenglekamar nytta av ikkje-militære under konfliktar eller for å terrorisere samfunnet. Bomber kan såleis vere både primitive, heimelaga konstruksjonar eller teknisk avanserte industriprodukt, framstilt og utforma på ulike vis og i ulike storleikar. Sprengbomber er slike bomber som drep og øydelegg ved at høgeksplosivt sprengstoff eksploderer. Gassbomber er bomber som sprengast for å forgifte menneske, dyr, land og vatn ved hjelp av giftig gass og anna stoff. Brannbomber er bomber fylte med napalm eller bensin i form av ein gelé, meint å brenne i hel menneske, setje fyr på bygningar og anna. Atombomber eller hydrogenbomber er bomber som nytter kjernefysiske sprengladningar, og som kan gjere særs store øydeleggingar både ved detonasjonen, og som fylgje av den radioaktive strålinga som oppstår etter detonasjonen. Bomber av militære typar vert frakta mot målet i fly, missil (rakettar) eller dronar; massebombing av byar, slagmarker og installasjonar vert ofte gjort av særskilde bombefly. Bilbomber er primitive bomber laga ved at bilar vert fylt med sprengstoff, særleg nytta av terroristar for å drepe, øydeleggje og skape frykt ved å verte detonert der det er samla mykje folk, eller for å råke bygningar og installasjonar.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!