Bondelensmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bondelensmannen utgjorde i heile perioden frå 1500-talet og fram til midt på 1800-talet det lågaste trinnet i lokalforvaltninga i Noreg. Frå først av var han futens private tenar og representant i dei enkelte bygdene. Ein av bygdas «beste bønder» var vanlegvis lensmann. Det private forholdet til futen vart etter kvart avløyst av ei meir formell tilknyting til statsapparatet.

Det tok lang tid før lensmannen fekk noko form for fast løn for verksemda si. Men det var vanleg at han fekk del i bøtene som vart utskrivne utan at det var noko system i denne avløningsmåten. Utover på 1600-talet fekk lensmannen visse særrettar. Det viktigaste av desse privilegia var skattefridom for den garden lensmannen budde på. I enkelte distrikt vart lensmannen fritatt for skyssplikt, og nokre stader vart han også fri for tiend. Lensmannen vart også saman med ein av sønene sine fritatt for utskriving til militærteneste. Utover på 1700-talet vart det vanleg at lensmannen kunne krevje inn ei avgift som godtgjersle for vervet sitt, lensmannstollen. Denne tollen vart utlikna på bøndene i bygda.

Frå først av var funksjonane til lensmannen hovudsakleg knytt til rettsvesenet. Lensmannen gjorde stemningar, tok opp bevis, kunne samankalle ting og oppnemne lagretten, fanga forbrytarar og spore opp alle kongssaker i distriktet.

Ved sida av å vere rettsbetjent hjelpte lensmannen futen med innkrevjing av skattar. Lensmannen representerte politimyndigheita på staden og måtte halde arresthus. Han deltok i skifteforretningar og heldt auksjonar på vegne av sorenskrivaren, heldt utpantingar og andre utleggsforretningar.