Hopp til innhald

Bor i Nizjegorod oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bor
Бор
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Høgd 75 m
Areal 42 km²
Folketal 77 024 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1300-talet
   Bystatus 1938
Postnummer 60644x
Retningsnummer (+7)83159
Kart
Bor
56°21′37″N 44°03′33″E / 56.360277777778°N 44.059166666667°E / 56.360277777778; 44.059166666667
Wikimedia Commons: Bor (Nizhny Novgorod Oblast)

Bor (russisk Бор) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre (nordre) breidda av Volga, rett overfor Nizjnij Novgorod. Dei to byane er knytte saman med ei bru bygd i 1965 og med ferjer.

I folketeljinga i 2002 hadde byen like over 60 000 innbyggjarar og den store folkeauken fram til i dag kjem av at dei tre urbanliknande busetnadane Nekljudovo, Oktjabrskij og Bolsjoje Pikino vart slegne saman med Bor.

Industriområde i Bor langs Volga, rett overfor sentrum av Nizjnij Novgorod.
Foto: Alexander Savin

Bor vart grunnlagd på 1300-talet og fekk bystatus i 1938.

Av industri i byen finn ein skipsbygging og glasproduksjon. Den lokale glasfabrikken har laga glas for bilar og lastebilar frå GAZ og glas til bordbruk sidan 1934.

Kosmonauten Vjatsjeslav Zudov vart fødd i Bor.

  1. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bor i Nizjegorod oblast