Kstovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kstovo
Кстово
Byåpenet til Kstovo
Byvåpenet til Kstovo


Plassering
Kstovo is located in Russland
Kstovo is located in Nizjegorod oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Grunnlagd
Bystatus
1400-talet
1957
Geografi
Flatevidd
 - By

18 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

65 400
  3 633,3 /km²
Koordinatar 56°9′″N 44°12′″EKoordinatar: 56°9′″N 44°12′″E
Høgd over havet 120 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 83145
Nettstad: www.kstovo-nn.ru

Kstovo (russisk Ксто́во) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 65 000. Byen ligg på høgresida av Volga, 20 km søraust for Nizjnij Novgorod.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lenintorget i Kstovo sentrum
Kraftverket i Kstovo.
Strand ved bredda av Volga nær Kstovo

Landsbyen Kstovo vart grunnlagt på 1400-talet. Med bygginga av Novogorkovskij Oljeraffineri (russisk: Новогорьковский нефтеперерабатывающий завод) på 1950-talet vart det bygt ein ny by nokre få kilometer søraust for den gamle landsbyen Kstovo, på det høgareliggande området mellom elvane Volga og Kudma.

Sidan då har den vestlege delen av byen sentrert seg rundt den opphavlege landsbyen og er framlies landleg i karakter og vert vanlegvis kalla Gamle Kstovo (Staroje Kstovo), medan den nyare austlege delen av byen, som vart bygt på 1950-talet og framleis veks, vert kalla Nye Kstovo (Novoje Kstovo). Nye Kstovo har gjennom utvidinga si heilt eller delvis innlemma fleire mindre landsbyar.

Kstovo fekk status som urbanliknande busetnad i 1954 og bystatus i 1957.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste arbeidsgjevaren og historisk sett årsaka til at byen eksisterer, er LUKOIL-Nizjegorodnefteorgsintez (tidlegare NORSI-Oil og Novogorkovskij Oljeraffineri).

Det er òg eit asfaltverk, eit spritdestilleri, ein fabrikk for regummiering og resirkulering av dekk og elles den vanlege samlinga av lokale matindustriverksemder. Eit varmekraftverk forsyner det lokale nettet med elektrisitet og varmt vatn til byen.

Byen har ein stort marknad for jordbruksprodukt og eit utval av supermarknadar og andre butikkar.

kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]