Borgåbladet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgåbladet
Grunnlagd15. desember 1860
Nedlagd13. januar 2015
Språksvensk
ISSN0358-6294
Nettstadwww.bbl.fi

Borgåbladet var ei svenskspråkleg lokalavis som vart utgitt i Borgå i Finland. Avisa dekte Östra Nyland med Borgå og Sibbo som tyngdepunkt. Ho kom ut fem dagar i veka og hadde eit opplag på rundt 8 000 eksemplar. Avisa var uavhengig borgarleg. 

Første eksemplar av Borgåbladet kom ut den 15. desember 1860. Avisa var dermed den tredje eldste avisa i Finland. I 2014 vart Borgåbladet slått saman med avisa Östra Nyland av KSF Media, som eigde begge avisene. Den nye avisa fekk namnet Östnyland.[1][2] Første utgåve av den nye avisa vart gitt ut 13. januar 2015.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «BBL och ÖN blir Östnyland» (på svensk). 29. november 2014. Henta 18. juni 2020. 
  2. «Björn Månsson: Borgåbladet borde återuppstå» (på svensk). 24. mai 2016. Henta 18. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]