Boston Pops Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boston Pops Orchestra

Boston-ordføraren Thomas M. Menino og Boston Pops under ein julekonsert i 2003.
Skipa1885; 138 år sidan (1885)
HovudkontorBoston
Nettstadwww.bso.org

Boston Pops Orchestra er eit amerikansk orkester frå Boston i Massachusetts. Det spesialiserer seg på klassisk underhaldningsmusikk og populærmusikk. Dirigenten er Keith Lockhart.

Orkesteret blei grunnlagd i 1885 som ei avdeling av Boston Symphony Orchestra (BSO), og har hovudsakleg musikarar frå dette orkesteret.[1] Orkesteret har ein vårsesong og eit juleprogram i desember. For Pops-konsertar blir setene i Symphony Hall i Boston flytta frå auditorium-stil til bankett- og kafésete. Pops speler også ein årleg konsert ved Hatch Memorial Shell på esplanaden langs Charles-elva som ei 4. juli-feiring. Framføringa deira av «The Stars and Stripes Forever» er kjend for utfalding av det amerikanske flagget mot slutten av songen. Orkesteret er sterkt identifisert med den langvarige leiaren sin Arthur Fiedler, og har utført ei rekkje innspelingar, turnear og fjernsynsopptredenar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BSO Opening Night Program Guide, 2011, s. 18-19; Boston Pops Holiday Program Guide 2011, s. 15.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Boston Pops Orchestra