Den amerikanske sjølvstendedagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå 4. juli-feiringa i Boston, Boston Pops Orchestra and Fireworks Spectacular. Konfetti markerer slutten av songen «Stars and Stripes Forever».

Den amerikanske sjølvstendedagen (engelsk [United States] Independence Day) er ein nasjonaldag for USA som blei feira den 4. juli kvart år. Han er ein ein føderal heilagdag Dagen blir feira til minne om då 13 britiske koloniar i Nord-Amerika erklærte sjølvstende frå Storbritannia den 4. juli 1776 då den amerikanske sjølvstendeerklæringa blei ratifisert av den kontinentale kongressen. Dagen blir gjerne feira med fyrverkeri og andre tilstellingar, som grillfestar, konsertar og baseballkampar.

Feiringssoge[endre | endre wikiteksten]

  • I 1777 blei det løyst 13 skot, fyrst om morgonen og sidan om kvelden, den 4. juli i Bristol i Rhode Island. Philadelphia hadde den fyrste moderne feiringa: offisiell middag for kontinentalkongressen, skålar, 13 saluttskot, talar, bøner, musikk, paradar, samling av troppar og fyrverkeri. Fartøy blei dekorerte i raud, kvit og blå bunting.[1]
  • I 1778 feira general George Washington dagen med dobbel rasjon for rom for soldatane, og artilleriet skaut salutt. På andre sida av Atlanterhavet hadde ambassadørane John Adams og Benjamin Franklin middag for amerikanarane i Paris i Frankrike.[2]
  • 4. juli 1779 fall dagen på ein sundag, og blei feira dagen etter.[2]
  • I 1781 blei Massachusetts General Court den fyrste delstatsforsamlinga til å anerkjenna dagen som ei delstatleg høgtid.[2]
  • I 1820 blei den fyrste feiringa i Eastport i Maine halden. Dette blei den største feiringa i delstaten.[3]
  • I 1870 gjorde kongressen i USA dagen til ein ubetalt heilagdag for føderalt tilsette.[4]
  • I 1938 gjorde kongressen dagen til ein betalt føderal heilagdag.[5]

Unike og historiske feiringar[endre | endre wikiteksten]

  • Sidan 1912 har Rebild Society, ein dansk-amerikansk venskapsorganisasjon, feira ein 4. juli-helgefest som fungerer som velkomstfest for dansk-amerikanarar i Rebild kommune i Danmark.[6]
  • Dei kjende fyrverkeria frå Macy's, som ein pleier senda opp over East River i New York, er blitt sende på TV over heile USA sidan 1976 av NBC. I 2009 blei fyrverkeria sende opp over Hudsonelva for fyrste gangen sidan år 2000, for å markera 400-årsjubileet for at Henry Hudson utforska elva.[7]
  • Boston Pops Orchestra har halde eit musikk- og fyrverkerishow ved Charles River Esplanade kalla Boston Pops Fireworks Spectacular årleg sidan 1973.[8] Dette brukar ein å senda på TV over heile USA, frå 1987 til 2002 av A&E Network, og frå 2003 av CBS.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heintze, ”The First Celebrations”.
  2. 2,0 2,1 2,2 Heintze, ”A Chronology of Notable Fourth of July Celebration Occurrences”.
  3. 4th of July in Maine Arkivert 16. oktober 2012 på WebCite Maine.info, juli 2010.
  4. Heintze, ”How the Fourth of July was Designated as an ‘Official’ Holiday”.
  5. Heintze, ”Federal Legislation Establishing the Fourth of July Holiday”.
  6. «History». Rebild Society. Rebild National Park Society. Arkivert frå originalen 1 juli 2009. Henta 30 juni 2009. 
  7. «2009 Macy's 4th of July Fireworks». Federated Department Stores. 29 april 2009. Arkivert frå originalen 25 augusti 2011. Henta 4 juli 2009. 
  8. «Welcome to Boston's 4th of July Celebration». Boston 4 Celebrations Foundation. 2009. Arkivert frå originalen 22 augusti 2008. Henta 4 juli 2009. 
  9. «Boston Pops Fireworks Spectacular». CBS. 2007. Arkivert frå originalen 8 juli 2009. Henta 4 juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Den amerikanske sjølvstendedagen